Læringsverkstaden står klar til å hjelpe

Programmere, lage podcast, forme legorobotar, lage nettside, bruke VR-briller, eller andre digitale verktøy. Som student eller tilsett ved høgskulen kan du på Læringsverkstaden teste det ut, få hjelp til å bruke hjelpemidla rett, bli knallgod med dei – og lære korleis du kan lære det bort til andre.

Læringsverkstaden

Som student eller tilsett ved høgskulen kan du på Læringsverkstaden teste det ut, få hjelp til å bruke hjelpemidla rett, bli knallgod med dei – og lære korleis du kan lære det bort til andre. Foto: Høgskulen i Volda.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Programmere, lage podcast, forme legorobotar, lage nettside, bruke VR-briller, eller andre digitale verktøy. Som student eller tilsett ved høgskulen kan du på Læringsverkstaden teste det ut, få hjelp til å bruke hjelpemidla rett, bli knallgod med dei – og lære korleis du kan lære det bort til andre.

Har du vore innom Læringsverkstaden ved Høgskulen i Volda? Om ikkje bør du teste det ut! Du kan stikke innom både fysisk og digitalt. 

Fysisk held dei til i biblioteket ved høgskulen – sjå etter ein stor og raud L i første etasje. Digitalt kan du chatte med dei i Teams

Opningstider (både fysisk og digitalt): måndag-torsdag kl. 13.00-16.00.

Læringsverkstaden


Mykje utstyr

Chatte med dei? Ja, kven er så dei. Kven er personane bak Læringsverkstaden og kva er det dei tilbyr?

Han som held i trådane og har det øvste ansvaret er rådgivar for digital læring ved høgskulen, Sindre Sandbakk. Sandbakk gir ordet til dei dyktige studentane han har tilsett ved Læringsverkstaden, som er dei du som brukar av Læringsverkstaden vil møte.

Aurora Dimmen Bratli, Karsten Quix, Tomer og Rebekka Lichy tek oss varmt imot i Læringsverkstaden og forklarar:

– Dette er ein ressursstad der både studentar og tilsette kan lære korleis ein best nyttar digitale verktøy. Og på kva måte desse kan vere nyttige å bruke i studiekvardagen sin eller når ein skal lære andre å bruke det, som tilsette ved høgskulen eller lærarstudentar gjer.

Ivrig begynner kvartetten, som er dei studenttilsette ved Læringsverkstaden, å plukke på og vise oss ulike tekniske duppedingsar. Ikkje er dei berre ivrige, men også dyktige, ifølge Sandbakk. Og ja, det er tydeleg at dei veit kva dei snakkar om når legorobotar, bluebotar, dobotar, digitale tavler, VR-briller og 3D-skrivar kjem opp.

– Hit kan ein kome og prøve ut dette i ro og mak og få hjelp. Her byr vi på kaffi og tek oss tid til dei som kjem innom. På nettet svarar vi også gjerne. I chatfunksjonen kan ein spørje og få tips og råd. I tillegg legg vi ut svar på ting som vi får spørsmål frå studentar om i teamet vårt i Teams. Det kan vere nyttig for mange å ta ein titt der.
 


Podcast-studio og filmrom

Opp ei trapp og inn ei dør. Vi har forlate hovudlokalet til Læringsverkstaden og er no i andre etasje i biblioteket. I eit rom der det tydeleg er tenkt på akustikk.

Rundt eit par mikrofonar som gir assosiasjonar til eit radiostudio, står to gode stolar. Som skapt for podcast skal det vise seg. Tett attmed er veggen grøn og har utsikt til eit filmkamera. Ein enkel, men god måte å lage filmsnuttar på. Medan i den andre enden av rommet er det rigga til en PC der det er mogleg å game eller spele av film, slik at den store skjermen på den andre endeveggen gjer rommet om til ein svært intim filmsal for nokre få personar.

– Vi har laga enkle instruksjonar på alt av utstyr i dette rommet som fortel kva ein skal gjere frå start til slutt. Så det skal vere greitt å bruke for alle, fortel studentane, og held fram:

– Podcast-utstyret til dømes har eit veldig enkelt oppsett. Ein kan bruke det på gøy, berre for å teste ut og lære seg det. Det kan også vere nyttig for studentar i kollokviegrupper. Dei kan fortelje om ein del av pensum som dei har lest og andre gruppemedlem kan gjere det same med sin del av pensum. Det kan også være at lærarstudentar som skal ut i praksis vil lage ein podcast om det dei skal undervise elevane sine i.

Det same gjeld med filmutstyret. Det er fullt mogleg å lage enkle nyhendesendingar, som kan vere ein litt anna måte å lære bort pensum til barn og ungdom på. Her står ein veldig fritt.
 


Nyttig for lærarstudentar i praksis

Læringsverkstaden er ein kjemperessurs for studentar som skal ut i barnehage og skule for å prøve ut arbeidslivet på ekte. 

– Vi har utstyr som er tilpassa aktivitet frå barnehage og opp til vidaregåande skule, skyt leiar Sandbakk inn.

Sindre Sandbakk
Rådgivar for digital læring ved høgskulen og leiar for Læringsverkstaden, Sindre Sandbakk.

Han ser gjerne at studentar tek seg ein tur innom dei før dei skal ha praksis i barnehage eller skule, og får støtte av studentane som jobbar på Læringsverkstaden.

– Her kan ein lære seg og trene på digitale verktøy og løysingar som kan brukast i undervisninga. Kanskje vil ein som lærarstudent bringe noko nytt inn i undervisninga. Då kan ein kome til oss for inspirasjon og råd. Vi er opptatt av korleis ein teknisk kan løyse det, men ikkje minst korleis ein effektivt skapar læring av det, fortel studentane.

Læringsverkstaden har ein del utstyr som det er mogleg å låne med seg. Er det utstyr studentar eller tilsette ved høgskulen gjerne skulle hatt, kan dei gjerne ta kontakt med Læringsverkstaden for å høyre om det går an å skaffe.

Kurs for tilsette

I tillegg til det som er nemnt tilbyr Læringsverkstade ei heil rekke kurs som er meint for tilsette ved høgskulen. Dei tilbyr både fysiske og digitale kurs. Dei digitale kursa finn du nedst på nettsida til Læringsverkstaden. Kursa kan gå inn i høgskulepedagogikk-emna HPE204 og HPE205. 

Tilsette er også varmt velkomen til å stille spørsmål om dei treng hjelp til noko via chatten i Teams.  Det kan til dømes vere Canvas, Panopto, Teams, Zoom og mykje meir.  

Det finst og eit eige team for tilsette i Teams som Læringsverkstaden har oppretta. Der kan tilsette også stille spørsmål og få svar. Du finn det under «Team for tilsette» her.

Del på: