Lagar møteplass og nettverk for tidlegare studentar
Med nyvinninga Alumni – IPAS vil ein skape eit nettverk for studentar som har studert planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. – Vi håper dette skal gi både fagleg påfyll og vere ein arena for karriereutvikling, seier førstelektor Magnar Hjertenæs.
Med nyvinninga Alumni – IPAS vil ein skape eit nettverk for studentar som har studert Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. – Vi håper dette skal gi både fagleg påfyll og vere ein arena for karriereutvikling, seier førstelektor Magnar Hjertenæs.
Studerer du eller har du tatt bachelorgraden i Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda (HVO), er dette forumet for deg. Det er oppretta ei eiga Facebook-gruppe som heiter Høgskulen i Volda – Alumni - IPAS som interesserte bør bli medlem i. Her finn ein informasjon om arrangement og anna som skjer, og kan halde kontakt med andre i gruppa.
Første samling
8. november finn det første arrangementet stad. Kommunalsjef i Volda kommune, Jarl Martin Møller, vil halde eit innlegg om visjonar for samarbeid mellom næringslivet og offentleg sektor. I tillegg vil fleire tidlegare studentar fortelje om deira yrkesliv og vegen dit dei er i dag. Blant dei er Ole Magne Rotevatn som vil snakke om kva dei ser etter i Herøy kommune når dei tilsett nye folk. Det er også sett av tid til ein god prat og mingling, og samlinga blir avslutta med gratis lunsj.
Sjå meir om programmet og meld deg på i Facebook-gruppa.
Faglege seminar
Mange av dei som er aktuelle for dette nettverket vil nok kjenne igjen førstelektor Magnar Hjertenæs. Han har saman med professor Nathalie Homlong gått i bresjen for å få til denne nye satsinga og gler seg til å sjå kva ein kan få til.
– Vi har sett mål av oss om å få til ei samling i semesteret, som gjerne kan bli som eit fagleg seminar i framtida. Det første arrangementet vårt blir ein test, så ønsker vi å bygge vidare derifrå, seier Hjertenæs.
Stor interesse
Det er allereie rundt 90 stykk som har meldt si interesse via Facebook-gruppa. Og det utan at ein har marknadsført det veldig hardt. Jungeltelegrafen og Facebook-gruppa har spreidd ordet godt så langt, fortel Hjertenæs.
Han ser at det det er nokon som var ferdig med bachelorgraden tilbake i 2006 som er påmeldt, men hovudtyngda er uteksaminert etter 2012. – Vi ønsker å gi desse fagleg påfyll og samstundes også informere om kva kurs og emne som kan vere aktuelle for dei å ta her ved høgskulen. Dette er også ein fin måte for oss tilsette å få tilbakemeldingar om kva kompetanse det er behov for i arbeidsmarknaden.
Verdifullt for studentar
Ein ønsker også å kople dei noverande studentane ved Planlegging og administrasjon med alumniar.
– Det er ingenting som er så interessant for dei noverande studentane at det kjem tidlegare studentar og fortel om kva dei gjer i sin jobb og korleis karrierevegen deira har vore. Vi tenker dette er aktuelt for dei som går andre og tredje året på bacheloren.