Legg forholda til rette for trygg studiestart

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Eigen teststasjon på høgskulen, kohorttesting, ei fadderveke med kohortar, smittevernutstyr på plass og undervisningsareal som er rigga for å halde rett avstand, gjer at leiinga ved Høgskulen i Volda føler alt ligg til rette for ein trygg start på studieåret.

– Det skal vere trygt å kome som student til Volda og dei som bur her frå før skal føle seg trygge når det kjem nye studentar til bygda, seier Karen Lomeland Jacobsen om oppstarten av studieåret der om lag 900 nye studentar skal ta til ved Høgskulen i Volda (HVO).

Lomeland Jacobsen er direktør ved HVO og leiar for kriseleiinga ved høgskulen. Dei har hatt studiestart i tankane i lang tid og følgd med på smittesituasjonen og tiltaka knytt til koronaviruset både nasjonalt og lokalt. 

Teststasjon på høgskulen

Jacobsen og leiinga ved høgskulen har tett dialog med Volda kommune og kommuneoverlegen. I samarbeid med kommunen set ein i dei to komande vekene opp ein eigen teststasjon på HVO.

– Vi oppmodar studentane om å nytte seg av teststasjonen. Dette er eit lågterskeltilbod med drop in-timar der ein kan teste seg utan å ha symptom. Vi håper flest mogleg vil nytte seg av denne. Her kan ein få testa seg både før, under og etter Fadderveka, seier Jacobsen.

I samarbeid med teststasjonen for Volda og Ørsta kommune, vil det verte tilbod om koronatesting på Høgskulen følgande dagar:

Måndag 16.08. kl. 13 - 15
Tysdag 17.08. kl. 13 - 15
Torsdag 19.08. kl. 13 - 15
Tysdag 24.08. kl. 13 - 15

Testinga vil gå føre seg i Pavljong C på høgskulen. Det er ikkje nødvendig å bestille time på førehand, men dersom ein likevel ynskjer dette, kan du gjere det på koronatelefonen: 70058960 (open kl. 09 - 12). 

Kohorttesting

I tillegg til eigen teststasjon vil høgskulen også gjennomføre kohorttesting. Det vil seie at studentar som studerer saman, grupper på 20-30 studentar, vil ta ein form test som vert analysert samla. Får ein positivt utslag, vil heile kohorten teste seg ein og ein.

Dette er eit ekstra tiltak for å vere enda tryggare på at ein skal unngå smitteutbrot, fortel direktør Jacobsen.

– Vi gjennomfører kohorttestinga på utvalde studentgrupper som har mykje praktisk arbeid saman i undervisninga, seier Jacobsen.

Kohorttestinga blir gjennomført ein gang i veka i dei første vekene etter studiestart.

Godkjent-stempel for Fadderveka

Fadderveka har arbeidd hardt i fleire månader for å lage ein best mogleg velkomst for nye studentar, slik at dei blir sett, føler seg velkomen og kan sosialisere seg. Smittevern har lege fremst i panna til faddervekestyret heile vegen sidan dei starta planlegginga tidleg i vår.

Eit av dei viktigaste tiltaka er å dele inn fadderbarna i grupper på maksimalt 20 per gruppe, fortel Stian Woo Andersson. Han er leiar for Fadderveka i Volda 2021.

– Kvar faddergruppe er ein kohort og vi oppmodar studentane om å halde seg til kohortane sine, seier Andersson.

Under sine større arrangement vil Fadderveka sørge for at alle som er til stades skal registrere seg. Dei tek med seg erfaringar frå fjoråret og vil ha mange av arrangementa sine utandørs. – Det gjer vi for å få betre plass, slik at det er enklare å halde rett avstand. Vi ønsker heile tida å minimere risikoen for smitte, påpeikar fadderveke-sjefen.
Dei har tett kontakt med høgskulen og Volda kommune, og har fått tommel opp frå kommuneoverlegen.

– Kommuneoverlegen hadde ingenting å utsette på programmet og planane våre. Så lenge vi følger planen vår og studentane er flinke til å følge smittevernreglane, meiner han faren for smitte er låg, fortel Andersson.

Studenthuset Rokken vil på sine arrangement maksimum sleppe inn 80 personar, som er under det talet dei ut frå gjeldande smittevernreglar har lov til. 

Sosialt og trygt

Direktør Jacobsen ønsker at dei nye studentane skal få ein god start på studielivet der dei er sosiale, blir kjend med nye og har det gøy – innanfor trygge rammer.

– Vi oppmodar studentane til å følgje smittevernreglane, halde seg til kohortane i Fadderveka og følgje dette både på skulen og utanom. Studentane skal ha det moro og det er viktig både for den psykiske helsa og skulearbeidet å sosialisere seg som student.

– Vi har nettopp hatt eit stort smitteutbrot i Volda og Ørsta, det er berre om lag ein månad igjen til alle har fått tilbod om vaksine, difor ønskjer eg at alle held ut og gjer sitt for å unngå smitte den komande tida, seier Jacobsen.

Høgskulen sponsar Fadderveka med handsprit, slik at alle faddergruppene er utstyrt med dette.

Alle nye studentar har også fått e-post med høgskulen sin eigen smittevernrettleiar som dei kan lese gjennom før dei kjem til Volda. Den finn du her

Erfaring frå fjoråret

Når situasjonen med korona er blitt som den er blitt, er leiinga ved Høgskulen i Volda glad for at ein har erfaringar frå fjoråret på stø seg på. I år veit ein meir kva ein går til, det er enklare å planlegge og vere trygge på dei vala som blir tatt. 

– Studiestart i fjor gjekk veldig bra for seg, vi opplevde så å seie ikkje smitte den hausten. Fadderveka var flinke til å planlegge, og vi ved høgskulen trefte også ganske godt med planane våre. Når studentane då var veldig flinke til å halde rett avstand og følgje smittevernråda fungerte det godt. Dette håper vi gjentek seg i år – eg veit for eksempel at Fadderveka legg ned mykje godt arbeid med førebuingar, fortel Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda.

Undervisninga vert ein kombinasjon av eit digitalt tilbod og fysisk frammøte. I alle undervisningsrom er det sett opp slik at ein kan halde 1 meters avstand. For å få til dette, har høgskulen mellom anna leigd lokale på Uppheim og Rokken, samt utvida lengd på undervisningdagen.

God merking, tilgang på handvask, såpe og spritdispensarar til desinfeksjon er også viktige tiltak, sjølvsagt saman med reinhald. 

Opningsdagen

Tysdag 17. august opnar studieåret ved Høgskulen i Volda med ei offisiell markering. Det vil vere studieprogramvise oppstartar denne dagen. Det vil seie at studentar frå kvart einskild studium med nye studentar møtast ein stad på høgskuleområdet, får sjå ein opningsfilm på storskjerm, møte dei ansvarlege for sitt studium og få praktisk informasjon før fadrane kjem og tek med seg dei nye studentane. Ein vil altså ikkje ha ei stor felles opning der alle er samla slik ein hadde før korona-tid.

Ikkje uroa

Som tidlegare nemnt har HVO tett dialog med Volda kommune om smittesituasjonen, testing og eventuelle tiltak. 

Kommuneoverlege Bent Ingebrigtsen er glad for samarbeidet og ikkje uroa for studiestarten.

– I slutten av juli og starten av august hadde vi eit lokalt smitteutbrot der om lag 80 vart smitte i Volda kommune. Sjølv om det ser ut som vi har fått kontroll på smitten, vil vi oppfordre studentane som kjem til Volda om å ha låg terskel for å teste seg. Test deg om du får symptom eller om du har vore i ein situasjon der det er risiko for at du kan ha vorte utsatt for smitte, sier Ingebrigtsen før han avsluttar:

– Vi arbeider hardt, saman med Høgskulen og studentorganisasjonane, for at studentane skal få ein koronafri og kjekk start på studieåret. Vi håper vi har dykk med på dugnaden!

 

Del på