Livslang læring på nett
Høgskulen i Volda (HVO) vil vere i front når det gjeld å tilby fleksible utdanningstilbod av høg kvalitet. HVO har over 1000 nettstudentar og høgskulen er mellom landets største på området. – Eit nettstudium gir studenten stor fleksibilitet, seier førsteamanuensis Ralph Meier.
Høgskulen i Volda (HVO) vil vere i front når det gjeld å tilby fleksible utdanningstilbod av høg kvalitet. HVO har over 1000 nettstudentar og høgskulen er mellom landets største på området. – Eit nettstudium gir studenten stor fleksibilitet, seier førsteamanuensis Ralph Meier.
– Avstand til lærestaden spelar ei lita rolle når all undervisning og eksamen skjer på nett. Studia er lagt opp slik at ein kan studere når det passar best, og vi har kurs med studiestart både i haust- og vårsemesteret. Slik kan ein lettare kombinere utdanning med til dømes jobb, seier førsteamanuensis Ralph Meier ved Institutt for religion og livssyn (IRL).
Livslang læring og digital undervisningsteknologi
Endringar i arbeids- og samfunnslivet skaper eit behov for fagleg oppdatering gjennom heile yrkeskarrieren. HVO jobbar aktivt med å legge til rette for livslang læring med stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring.
Digital undervisningsteknologi opnar for nye moglegheiter når det gjeld fjernundervisning men inneber også utfordringar når det gjeld veleigna arbeidsformer som stimulerer og støttar opp om studentane sitt læringsarbeid og læringsutbytte.
Ein typisk nettstudent
Ein typisk nettstudent er ein vaksen person som kombinerer studium med jobb og familie og har et ønskje om å studere når det passar. Nettstudenten har eit travelt liv og ønskjer effektive og fleksible måtar å studere på. Jon Even Siglen Berger bur på Svalbard og er deltidsstudent ved Høgskolen i Volda. 25-åringen fra Stord tar Religion, kultur og samfunn som reint nettstudium medan han jobbar som lærar ved Longyearbyen skole.
Høgskulen i Volda har satsa mykje på å legge til rette for undervisning på nett, og i 2019 kunne høgskulen faktisk tilby ein bachelor i historie som reint nettstudium.
Undervisninga
Institutt for religion og livssyn har om lag 130 nettstudentar. Studentane får fagstoff, veiledning og vurdering på nettet, og nettet er også ein arena for samarbeid, refleksjon og erfaringsutveksling.
– Her ved IRL jobbar vi kontinuerleg med å utvikle nett-tilbodet vårt, både når det gjeld innhald og gjennomføring. I ei spørjeundersøking vi gjorde no i haust kjem det fram at godt over 70 % av nettstudentane syntest at det å vere nettstudent fungerer godt for dei, seier Meier.
Spørjeundersøkinga viser vidare at over 90 % er fornøgde med rettleiinga knytt til arbeidskrava, 60 % synest videoane er nyttige og dei fleste er godt nøgde med undervisningstekstar og oppfølging.
– Ei typisk førelesing på nett kan vere ein kombinasjon av ein video eg har spelt inn på førehand i eit spesialstudio, ein undervisningstekst og gjerne ein Powerpoint-presentasjon. Undervisninga er sokalla asynkron, det vil seie at det ikkje er to-vegs kommunikasjon i sanntid når undervisningsmateriellet vert lagt ut. Studentane tileignar seg stoffet når det passar dei. Studentane kommuniserer med lærarane via e-post og der er diskusjonsgrupper i e-læringsverktøyet Canvas, seier Meier.
Religion og livssyn og lærarutdanning
Dei fleste som studerer religion og livssyn på nett tar det som ein del av ei grunnskulelærarutdanning eller som ei vidareutdanning. Eit stort fleirtal (80 %) opplyser at dei har funne studiet gjennom søk på Internett.
Etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda
HVO tilbyr fleksible studietilbod (nettstudium, studium med samlingar) med oppstart tidleg våren 2021 innanfor alle høgskulen sine sentrale fagområde: administrasjon og leiing, digital kompetanse, estetiske fag og musikk, helse- og sosialfag, historie og religion, idrett og friluftsliv, lærarutdanning, matematikk og naturfag, mediefag og språk og litteratur. Av dei tilboda som har oppstart våren 2021, er 16 mastergradar eller emne på masternivå.
Kompetanse for kvalitet
Lærarar er ei viktig målgruppe for Høgskulen i Volda når det gjeld vidareutdanning. Kompetanse for kvalitet er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. HVO lyser no ut 15 slike vidareutdanningar for lærarar i skule og barnehage.
Spesielle kurs og etterutdanning
Høgskulen i Volda er også samarbeidspartnar for til dømes bedrifter og organisasjonar som treng å løfte kompetansen blant sine tilsette. Eit eksempel på dette er Personalleiing for mellomleiarar som vart til i samarbeid med Maritim foreining for Søre Sunnmøre, eit kurs som raskt vart fullteikna med folk frå ei rekkje ulike bedrifter og verksemder i regionen.