Lover meir studentkjærleik i 2020

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

«Pliz gjenta dette!» var ei av tilbakemeldingane studentane ga etter eksamensførebuande veke ved HVO før jul. Andre delte ut karakteren A+. – Strålande at dette vart sett pris på, svarer arrangørane, og lover fleire og liknande arrangement neste år: - I Volda skal du bli tatt ekstra godt vare på! 

 

Det var høgare aktivitet på kveldstid enn vanleg ved Høgskulen i Volda før jul. Ei av årsakene til den auka trafikken, var «førstehjelpsveka» arrangert av Velferdsgruppa ved HVO. Besøkstala til biblioteket skaut i vêret, og i kantina var det lang kø for å få servert gratis kveldsmat. Mellom arrangementa var det skrivekurs, hjelp til kjeldehandsaming, stressmestring, memo-kurs og drop-in-samtalar, i tillegg til yoga og felles gåturar. Ei undersøking blant studentane som nytta seg av tilboda, var full av lovord – til stor glede for arrangøren. 


Kom for gratis mat – endte med å gjere lekser 

- Super nice! Came for free food, but then actually did my homework, skriv ein av studentane.
- Det var veldig kjekt å lese tilbakemeldingane, og at dei fekk nytte av veka på fleire område. Vi ønska å hjelpe studentane med eksamen på ulike måtar, og gi dei påfyllet dei treng i ei slik periode, seier leiar ved HVO-biblioteket, Mona Iren Auganæs. 
- Dette blir det meir av i 2020, lover ho: - Vi Volda skal du bli ekstra godt tatt vare på!

 

I Volda tek vi vare på kvarandre!

Velferdsgruppa vart skipa av Læringsmiljøutvalet (LMU) ved høgskulen i etterkant av SHOT-undersøkinga (Studentenes helse- og trivselsundersøkelse), og er eit samarbeid mellom Studentsamskipnaden, Biblioteket, Studenthumanisten, ansvarlege for tilrettelegging ved HVO og HVO-kantina. Pro-rektor og kommunikasjonskontoret er også med i gruppa, som tidlegare i år har stått bak psykisk helse-månad og omsorgsturné med presentasjon av ulike velferdstilbod til alle nye studentar. 

Gruppa kjem til å halde fram arbeidet i 2020, og kjem til å halde fram med å sette opp kurs og arrangement studentane ønskjer seg, i tillegg til dei velferdstilboda som allereie fins.
- Eg er både glad for og stolt av at vi har mange gode tilbod som skal hjelpe med å gjere studietida trygg og god, seier Eli Anne Løksa, rådgjevar ved studentsamskipnaden. Det er noko av det beste med jobben hennar, og å vere ein del av studielivet i Volda seier ho: - I Volda tek vi vare på kvarandre og bryr oss! 

 

 

Fleire tilbakemeldingar frå studentane: 

- Synes det var et veldig bra tiltak i en travel hverdag! Sosialt og inkluderende i tillegg med kveldsmat. 
- Kjempetilbud! En liten oppmuntring og motivasjon til å komme seg på skolen. 
 - Gode tiltak, mye spennende. Gjerne mer yoga. 
- Utvid mattilbudet
- I think it is a nice initiative to help students during this stressful time. 
- It was helpful to force myself to work on essay and stay happy through free food, thanks a lot! 

Tusen takk til alle studentar som deltok og som tok seg til til å svare på spørjeundersøkinga. Svara vert nytta til å gjere tilbodet betre neste gong. 


 

Del på