Markerte mange faglege opprykk
Tysdag gjorde HVO stas på dei 26 tilsette som har oppnådd fagleg opprykk i 2022–23. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim var stolt av både innsatsen og det gode resultatet.
Tysdag gjorde HVO stas på dei 26 tilsette som har oppnådd fagleg opprykk i 2022–23. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim var stolt av både innsatsen og det gode resultatet.
Det var ein staseleg bukett med Volda-akademikarar som fekk nyte eit velfortent festmåltid på Rekkedal Gjestehus tysdag 27. februar 2024.
Tradisjonen tru markerte Høgskulen i Volda (HVO) alle som har oppnådd fagleg opprykk til førstelektor, førsteamanuensis, dosent eller professor – dette utgjer samla dei såkalla førstestillingane.
– Trass i at vi har gått frå å markere dette kvart tredje år til kvart andre år, er det om lag like mange inviterte. Det må jo bety at det går rett veg for høgskulen. Vi har fleire og fleire som får opprykk, og det er svært gledeleg, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i gratulasjonen sin til festlyden.
Ein fest som kan inspirere til nye samarbeid
Dei to siste åra (2022–2023) har 26 HVO-tilsette oppnådd fagleg opprykk. Dette har gitt høgskulen elleve nye professorar, to nye dosentar, sju nye førsteamanuensar og seks nye førstelektorar. Les vidare for å sjå heile lista.
Sjølv om ikkje alle dei 26 hovudpersonane hadde høve til å vere med på festen, sytte både rektor Tonheim og dei fire dekanane for å heidre kvart enkelt opprykk. Dei frammøtte fekk dermed høve til å bli betre kjende med dei faglege interessene til kollegaer ved andre avdelingar.
– Kanskje er her nokon som kan noko du ikkje visste at vi hadde ekspertise på ved høgskulen? Kanskje kan det her bli lagt til rette for nye samarbeid i framtida? Det håpar eg på, oppmoda HVO-rektoren.
Tonheim trekte også fram ein annan viktig statistikk: I 2023 hadde nær 56 prosent av dei fagtilsette ved HVO første- og toppkompetanse.
– Dette er nær seks prosentpoeng opp frå året før, og det høgste talet på lang tid, så det er vi særs glade for.
Fleire, yngre og betre kjønnsbalanse
Forskingssjef Henriette Hafsaas ved HVO dreg fram dei mange dyktige og motiverte forskarane i Volda.
– Dei mange kompetanseopprykka ved HVO dei siste åra viser at fokuset vi har hatt på å klargjere dei formelle krava til ulike stillingar og til sjølve opprykksprosessen, ber frukter.
Kva er du mest nøgd med når du ser lista over dei 26 med fagleg opprykk?
– Eg er imponert over at vi har fått så mange nye kvinnelege førsteamanuensar – dette vil gi betre kjønnsbalanse mellom professorane på sikt. Eg er også nøgd med at HVO har fått så mange «unge» professorar. Dette lovar godt for forskinga ved HVO framover.
- Les meir om forsking ved HVO her.
Med elleve nye professorar har HVO fått ein markert auke i toppkompetansen. Dei siste 5 åra har også snittalderen til professorar ved HVO gått ned frå 61 år til 56 år, så forskingssjefen er glad for å sjå ein langsiktig gevinst.
– Det er også positivt at vi har mange opprykk til førstelektor og dosent. Dette viser at vi har god breidde i kompetansen som trengst for å drive profesjonsutdanningar og utviklingsarbeid ut mot samfunnet, understrekar Hafsaas.
26 fekk fagleg opprykk ved HVO i 2022–2023
Nedanfor ser du korleis opprykka fordeler seg mellom dei fire avdelingane ved HVO – Avdeling for mediefag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for kulturfag og Avdeling for samfunnsfag og historie.
Namn | Ny stilling | Avdeling |
Ellen Lexerød Hovlid | Professor | Avdeling for mediefag |
Dag Svein Roland | Førstelektor | Avdeling for mediefag |
Eivor Finset Spilling | Førsteamanuensis | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Eli-Karin Sjåstad Åsebø | Førsteamanuensis | Avdeling for kulturfag |
Ellen Madssen Andenes | Førstelektor | Avdeling for samfunnsfag og historie |
Erik Cyrus Fooladi | Professor | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Gunhild Nordvik Reite | Førstelektor | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Helga Synnevåg Løvoll | Professor | Avdeling for kulturfag |
Ingeborg Berg Skogen | Førsteamanuensis | Avdeling for kulturfag |
Ingeborg Katrin Lid Berget | Førsteamanuensis | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Ivar John Erdal | Professor | Avdeling for mediefag |
Janne Heggvoll | Førstelektor | Avdeling for kulturfag |
Jørgen Lyngvær | Førstelektor | Avdeling for mediefag |
Karen Brænne | Professor | Avdeling for kulturfag |
Kari E. Bachmann | Professor | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Kari Ryslett | Førstelektor | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Kjetil Laurits Høydal | Professor | Avdeling for kulturfag |
Kristine Vaadal | Førsteamanuensis | Avdeling for samfunnsfag og historie |
Lars Julius Halvorsen | Dosent | Avdeling for samfunnsfag og historie / Avdeling for mediefag |
Leif Bjørn Skorpen | Dosent | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Natalie Ann Donohue | Førsteamanuensis | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Silje Louise Dahl | Professor | Avdeling for samfunnsfag og historie |
Stig J. Helset | Professor | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Synnøve Hedeman Amdam | Førsteamanuensis | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Torhild Erika Lillemark Høydalsvik | Professor | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |
Wenke Mork Rogne | Professor | Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning |