Media i Volda: Internpraksisen startar
Jakta på gode historier og nyheiter er i gang for fullt når første og andre trinn på Bachelor i journalistikk skal drive mediehus i to månader framover. Les Nærnett, sjå Nærsynet og høyr Radio Volda, og møt framtidas journalistar!

Medieutdanninga i Volda er bygd opp rundt mykje praksis gjennom heile studieløpet. For tredjeklassingane som er inne i sitt siste semester av utdanninga er praksisopphaldet hos ein arbeidsgivar, medan dei som går i trinna under jobbar i redaksjon på heimebane.
I vekene framover skal studentane frå første og andre trinn verkeleg få smake på yrket dei skal inn i. Dei driv og lagar innhald til nett, radio og tv gjennom Nærnett, Radio Volda, Radio Volda Podcast og Nærsynet. Så det er berre å klikke seg inn og lagre snarveg til mykje god journalistikk.
Du må veldig gjerne sende dei tips om saker du vil lese eller noko du vil sette søkelyset på.
- Her kan du lese, høyre og sjå journaliststudentane!
- Har du lyst å studere mediefag eller lurer på korleis det er å gå på media i Volda? Les meir og finn vegen til søkeknappen her!