Miljørapport: Korona-effekt på energibruk ved HVO

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: stiftelsen miljøfyrtårn

- Oppdatert

Klima- og miljørapporten for Høgskulen i Volda for 2020 er klar. I «Korona-året» har det ikkje overraskande vore stor nedgang i utslepp grunna reiser, men ei rekkje tiltak har også ført til at dette talet kan haldast nede framover. Sykkelhotell er ei av dei positive nyvinningane som kjem framover. 

Som sertifisert Miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. 

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) fekk nyleg presentert tala for 2020, som ikkje overraskande viser nedgang i utslepp grunna reiser: Det vart gjennomført 73 prosent færre flyreiser enn i 2019. Etter 12. mars 2020 var berre verksemdskritiske reiser godkjent. Også talet på bilreiser har gått ned. 

Totalt er energibruken redusert med 12 prosent frå 2019. Eit moment som bidreg inn i dette talet, er også mindre bruk av lokala i perioder med digital undervisning og heimekontor som følgje av Covid 19-tiltak i perioder. 


Tilrettelagt for video – også framover

I oppsummeringa av rapporten framlagt AMU vert det peika på at sjølv om det vært færre Korona-restriksjonar, kan ein halde på fleire av miljøeffektane frå 2020. 

- Drivstoffbruk per mil vil sannsynlegvis gå ned i 2021, då ein av dei eldre bilane er bytta ut med ein el-bil, står det i oppsummeringa. 

Gjennom 2020 vart fleire rom ved HVO oppgradert for videokonferanser, og fleire skal kome i 2021. 


Sykkelhotell på veg

AMU fekk også framlagt fleire positive tal og tiltak som kjem framover: For å legge til rette for sykling er garderobe, dusj, og høve til klestørk på Berte Kanutte-huset utbetra. Det kjem garderobe med dusj i det nye mediehuset. To sykkelhotell med lading er planlagt. Det eine vil vere ferdig til studiestart til hausten, det andre til jul.

•    Tal på leverandørar med sertifisert miljøledelsessystem har auka med 11 prosent
•    Energiforbruket har gått jamt nedover kvart år: Frå 6 182 254 kWh i 2017 til 3 932 332, 21 kWh i 2020
•    Det er sett opp sorteringsstasjonar for avfall i alle dei store husa, og det er planlagt for dette også i undervisningsromma

- AMU tek rapporten til vitende og støttar arbeidet med å gjere høgskuleområdet meir miljøvennleg, vart konklusjonen etter framlegg av rapporten. 

 

Del på