Namn på mediehuset bestemt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Torsdag vedtok høgskulestyret at det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda skal heite Sivert Aarflot-huset. 

Sivert Aarflot-huset føyer seg inn i ein lang tradisjon når det kjem til å gi nye bygg ved høgskulen namn. Høgskulen har tradisjon for å kalle opp husa etter lokale pionerar frå folkeopplysningstida. I dag har dei namna Berte Kanutte-huset, Hans Strøm-huset, Henrik Kaarstad-huset, Synnøve Riste-huset og Ivar Aasen-huset.

Etter ei namnekonkurranse i sommar gjekk tilsette på Avdeling for mediefag (AMF) og leiinga ved Høgskulen i Volda (HVO) gjennom forslaga kvar for seg etter å ha fått inn 27 namneforslag. Det førte til ei finalerunde med Ivar Aasen-huset, Olga Meyer-huset, Spegelen, Vinje-huset og Sivert Aarflot-huset som kandidatar. Både AMF og høgskuleleiinga enda med Sivert Aarflot-huset på toppen av lista. Det vart dermed innstillinga frå direktør Karen Lomeland Jacobsen, som høgskulestyret torsdag valde å stille seg bak.

Sivert Aarflot

Sivert Aarflot (1759-1817) var ein pioner for opplysning gjennom medieverksemd. Han var bonden frå Ørsta som vart lærar og deretter lensmann i Volda, og han skipa den første folkeboksamlinga, det første prenteverket og den første avisa på landsbygda i Noreg. Innsatsen hans var i stor grad med på å legge grunnen for Volda som skulestad. 
Trykkeriet skipa Aarflot i 1809 og i 1810 gav han ut den første avisa på landsbygda i Noreg, Norsk Landboeblad. Dette er forgjengaren til dagens lokalavis i Volda, Møre. 

Tek over huset i juni

Byggeprosjektet er per i dag 12 dagar forseinka – det same som blei rapportert i vår. Ein reknar ikkje med å klare å hente inn noko av denne forseinka, som betyr at høgskulen etter planen overtek Sivert Aarflot-huset 9. juni 2021. Då skal det vere klart for å flytte inn alt av møbler, inventar og utstyr, og om alt går etter planen vil høgskulen nytte huset i haustsemesteret 2021.
 

Del på