– No har eg begynt å leve

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Han kom til Volda frå Libanon som masterstudent tre dagar etter at krisa i heimlandet braut ut. Takksemda for kor godt han har det i Noreg kjem blant anna medstudentane til gode gjennom hans unike engasjement. Det får Fady Gemayel Studentprisen 2021 for.

Ei mjuk og venleg stemme, eit lunt smil og auge og øyre som er interessert i det du seier – det er lett å forstå at Fady Gemayel har blitt godt likt av dei han har møtt på sin veg i løpet av eitt år i Volda. Heldigvis er det gjensidig. Fady gjentek stadig kor heldig han føler seg som får vere student i Volda og Noreg.

Draumen om å leve i eit anna land enn Libanon har han hatt heilt sida ungdomstida. Men at han reiste til Norge handla nødvendigvis ikkje berre om det, men også at han ville utvikle seg i faget sitt. Han var tilsett i fleire år hos ein av dei største fjernsynskanalane i Libanon før han forlét landet. Der har han filma og produsert store fjernsynsproduksjonar som blant anna The Voice. Men Gemayel følte at han ikkje hadde moglegheit til å ta nye steg i karrieren sin der. Han ville vidare og lære meir.

– Eg gjorde eit søk på Google og det var litt tilfeldig at eg fann Noreg. Og i Noreg var det berre Volda som hadde ei mastegradutdanning innan mediefag på engelsk. Dermed bestemde eg meg for Volda. Etter det begynte eg å lese meg opp på Noreg, korleis kulturen er her og kva nordmenn likar. Så tok eg til å forsøke å lære meg språket gjennom leksjonar eg fann på nett, fortel Gemayel om førebuingane han gjorde før han kom til Volda.

Reiste uvitande frå katastrofe

4. august i 2020 oppstod det to store eksplosjonar i hamneområdet i Beirut, Libanons hovudstad. 207 menneske omkom og kapasiteten på sjukehusa i hovudstadsområdet vart sprengd. I tillegg hadde korona begynt å sette sine spor og landet var allereie i eit økonomisk uføre. Eksplosjonen var med på å sette fart i krisa Libanon er i i dag, som omfattar svært svak økonomi, politisk kaos og eit helsevesen ute av funksjon som gjer at landet, som er veldig importavhengig, slit med å skaffe medisinar, basisvarer og drivstoff. Valutaen deira er nesten ingenting verdt og har mista 95 prosent av sin verdi på kort tid. 

7. august i 2020 landa Fady Gemayel i Noreg.

– Eg visste ikkje at dette skulle skje, og det er ikkje difor eg er her i dag. På grunn av korona var det ikkje så enkelt å kome seg til Noreg, eg måtte endre dato for avgang tre gongar før eg kom meg av gårde, og etter ein tur på 17 timar var eg i Norge. Eg var lei av Libanon, har hatt eit ønske i mange år om å flytte utanlands og ville utvikle meg innan fagfeltet mitt. Da måtte eg reise, seier Gemayel. 

Heilt anna liv

No er han svært takksam for å vere i Volda, og ein rekk knapt å stille spørsmålet ferdig før han svarar «ja» på om han ønsker å bli i landet etter at han skal vere ferdig med mastergraden sin om eit knapt år. Difor har han også sett ein heil del timar med fjernsyn på NRK for å lære seg språket best mogleg og også fått seg gode norske venner som han nyttar høve til å snakke norsk med. 

– Eg nyt livet etter at eg kom til Noreg. No har eg begynt å leve, smiler Fady, før han held fram:

– Det er eit heilt anna liv her. Det er veldig fredfullt, folk respekterer kvarandre og ein treng ikkje å bekymre seg så mykje.

Det er ulikt det han er vand med frå Midtausten og Libanon. Ikkje alt er like sjølvklart der som det er i Noreg.

– Her veit ein at lønna kjem til rett tid, alle statlege ordningar fungerer og alt er ordentleg med forsikringar og slikt. Nordmenn skal vere glade for at dei er nordmenn og har det så godt, synest Gemayel.

– Stått fram og vore motvekta

Heilt frå han kom til Volda har han forsøkt å engasjere seg og kome i kontakt med medstudentar og andre. Det gjer at Fady er vinnar av Studentprisen 2021 ved Høgskulen i Volda. 

– Fady er ein inkluderande og svært aktiv type. Når engasjementet naturleg nok har dabba litt av hos andre studentar under koronaperioden, har Fady stått fram og vore motvekta. Han steller i stand klatrekurs for alle studentar, inviterer til sosiale turar rundt Rotevatnet og brenn verkeleg for å få til arrangement med låg terskel for studentane, fortel Trond-Fredrik Hoddevik, som er leiar i Studentparlamentet og med i juryen for Studentprisen.
 

Fady og Trond-Fredrik
Leiar i Studentparlamentet Trond-Fredrik Hoddevik (t.v.) har mange gode ord å dele om prisvinnar Fady Gemayel.

Å bygge bru mellom norske og internasjonale studentar var ein del av grunngjevinga frå juryen. Dei la også vekt på at prisvinnaren har brukt mykje av fritida si på å bidra positivt når det gjeld å fremme studentvelferd.

Fire jobbar for å overleve

Men ein skulle eigentleg ikkje tru libanesaren hadde stort igjen av døgnet sine timar til å ha noko ein kan kalle fritid. For i tillegg til å studere Master in Media Practices på heiltid, er han tilsett i bokhandelen på høgskulen – Akademika, han har også deltidsjobbar både hos biblioteket ved høgskulen og Studentsamskipnaden i Volda. På toppen av det er han internasjonalt ansvarleg i Studentparlamentet. Han har også hatt lønna arbeid hos ein libanesisk restaurant i Oslo der han har hjelpt dei med marknadsføring. 

– Eg liker å være i kontakt med menneske, jobbe og utvikle meg. I tillegg treng eg inntekt, seier Fady.

Han er glad for å sleppe å måtte betale skulepengar i Noreg, slik han måtte ha gjort i mange andre land. Men noko økonomisk støtte frå heimlandet ala Statens Lånekasse finst ikkje. Han må klare seg økonomisk på eigen kjøl. For å få nytt visum no i sommar måtte han vise til å ha 110.000 kroner på ein konto, om han skal få vere i Noreg etter at han er ferdig med mastergraden sin til våren må det stå 225.000 kroner på den kontoen. Når han har lov til å arbeide maksimalt 20 timar i veka, skal studere, betale husleige, mat og alle andre utgifter – og i tillegg sette av pengar for å oppnå denne summen, seier det seg sjølv at det ikkje berre er enkelt.

Han klagar absolutt ikkje på det, men seier det er ei utfordring å få det til. Lengre enn det kjem vi ikkje. Fady skal inn i time igjen, kledd i rød arbeidsskjorte frå Akademika. Etterpå ventar jobb. Så vil han prøve å vere sosial.

Fady rekk ei siste helsing før vi skil lag:

– Eg er utruleg glad for Studentprisen, det kom heilt uventa. Samstundes vil eg takke for måten Volda, høgskulen og folka her har teke meg imot på. Difor brenn eg også slik for å gi noko tilbake, seier Fady, før han ser ut i rommet med eit blikk som fortel at han ønsker å bli her.
 

Del på