Nominer din kandidat til Studentprisen 2022

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kjenner du ein student som har lagt inn ein ekstra innsats i år for å betre studiekvaliteten? Kanskje fleire studentar som i lag har engasjert seg spesielt hardt i ein studentorganisasjon eller som har teke eit ekstra engasjement i klassa di for å samlast sosialt under pandemien?

Om svaret var ja på minst eit av desse spørsmåla, så ønskjer Studentparlamentet, Studentsamskipnaden i Volda og Høgskulen i Volda at du tek deg tid til å nominere den eller dei studentane. 

Mange engasjerte

Studentprisen er ein ekstra merksemd retta mot dei som har lagt inn ein spesiell innsats for å betre studentane sin situasjon. Om det er frivillige aktivitetar som ein har vore engasjert i eller har starta opp, studiekvalitet, profilering av Volda eller studiemiljø. Prisen kan gå til ein enkeltstudent eller til ei gruppe studentar.  

Leiar for Studentparlamentet Trond Fredrik Hoddevik meiner det bør finnast mange gode kandidatar. 

– Pandemien har gjort nomineringa til studentprisen enklare no enn før. Mange har vore engasjert i ein vanskeleg periode nettopp for å betre studentars velferd både i og utanfor campus. Derfor håper eg mange ser moglegheita til å kaste eit lys på desse fantastiske studentane og nominerer dei til denne gjeve prisen.

Nominer her

Fristen for å nominere er søndag 12. juni. Etter det skal ein jury beståande av nemnte organisasjonar gå gjennom nominasjonane og annonsere vinnaren ved studiestart 16. august. 

Her finn du nominasjonsskjema.

Hoddevik avsluttar:  – Eg ønskjer alle lukke til og god nominasjon. 

Studentprisutdeling
Studenprisen blir delt ut under opninga av studieåret 16. august 2022.


 

Del på