Norli tek over for Akademika

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Bokhandelen Norli vil framover tilby studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) den faglitteraturen dei har behov for.

Norli, som held til i sentrum i Volda, vil bygge opp ei fagavdeling i butikken sin som vil ha pensumlitteratur og andre akademiske bøker mynta på studentar og tilsette ved HVO. Denne delen av butikken vil vere klar i løpet av våren 2024.

Dette gjer dei etter at Akademika la ned bokhandelen sin på HVO. Norli har opna opp igjen butikken i lokalet etter Akademika i Ivar Aasen-huset på høgskulen. Opningstidene deira er måndag–torsdag 9.30–15.30.

Den som var tilsett i Akademika-butikken vil bli leigd ut til Norli for å halde fram med å drive bokhandelen. Butikken i Ivar Aasen-huset vil halde ope ut februar 2024.

Norli har hatt ute ei stillingsutlysing etter ein person som skal ha ansvaret for den nye fagavdelinga deira. Butikken er del av en den største bokhandel-kjeda i landet, som har brei kompetanse innan akademisk og fagleg litteratur. 
 

Del på