Norsk matkultur for internasjonale studentar

Tekst: Vilde Moltudal Igland , Foto: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Det var god stemning då dei internasjonale studentane frå Norwegian Food Culture inntok undervisningskjøkkenet på Kaarstad, ein fredag ettermiddag.

Nytt emne på planen

Safting, sylting og konservering har ikkje vore kvardagslege aktivitetar for studentane som deltek på emnet Norwegian Food Culture (ERAMAK101), før no. Læringskurva er bratt og samarbeidet vert raskt etablert når dei internasjonale studentane frå 7 ulike land skal tilegne seg både teoretiske og praktiske kunnskapar om norsk tradisjonsmat, og korleis norsk matkultur har utvikla seg gjennom historia. 

- My mom would be so proud!, seier ei entusiastisk stemme frå kjøkkenbenken som er full av bær, grønnsaker, syltepulver og eddik

Det er første gong at dette engelskspråklege emnet på 15 stp står på timeplanen, som tek med seg erfaringar frå sine norskspråklege "sysken" i vidareutdanninga Matkultur (30 stp).

- Eg var veldig spent på korleis det skulle bli å undervise på engelsk om norske matvarer, reiskap og teknikkar, men det har gått veldig bra. Sjølv om fleire av råvarene og embalasjen er ukjende for fleire av studentane, fortel emneansvarleg og førstelektor Kari Ryslett.

Kulturell utveksling

Angela frå Hellas

Emnet er norsk i kjernen, men får ein ny dimensjon av dei globale impulsane rundt.

Angeliki Rappa

Å kombinere norsk matkultur og tradisjonsmat med internasjonale studentar ser ut til å slå godt an. I følge Angeliki frå matlandet Hellas, skjer det nemleg ei global kulturell utveksling utover den norske kjernen i emnet, når 11 studentar frå 7 ulike nasjonar går saman på denne måten. Dette gir emnet ein ekstra dimensjon, meiner ho. Studentane kjem frå Tyskland, Sør-Korea, Latvia, Hellas, Tsjekkia og Spania. 

Emnet har varierte undervisningsformer, med alt i frå utesamlingar, til praktiske øvingar og skriftlege oppgåver, både individuelt- og gruppearbeid. Studentane vil i løpet av haustsemesteret også lage eigne blogginnlegg, noko som kan passe perfekt for Angeliki, som kombinerar Norwegian Food Culture med emnet Visual Communication (KOH203) medan ho er på utveksling i Volda.

I slutten av semesteret vil årets matbloggar bli kåra. 
Her finn du fjorårets vinnar i emnet Matkultur.

 

Kokegrop, grønnsaksdyrking og biesafari på Haavardgarden

Erik Fooladi er også emneansvarleg og er førsteamanuensis ved institutt for realfag. Han forklarar at mykje av det studentane får oppleve i emnet, er heilt nytt for dei aller fleste. Studentane fekk ein heil dag i lag saman på Haavardgarden på Stranda, før undervisninga i kjøkkenet.

Angeliki synes besøket på Haavardgården var veldig spennande, særleg sidan dei er sjølvforsynte:  — Det vi fekk sjå er viktige og spennande perspektiv i den globale krisen, seier ho. 

Under besøket fekk studentane prøve å grave kokegrop og tilbrede lammelår ute, dei fekk sjå nærare på grønsaksdyrking og hausting, samt plukke bær til undervisninga og biesafari. Til lunsj fekk dei også smake på den historiske Oslofrukosten, som var eit gratis skulemåltid som vart innført i Oslo i løpet av 30-talet.  Her fekk dei brød, knekkebrød, brunost, kvitost, melk, eit halv eple, kålrabi og sjølvsagt tran. 

Å få slike opplevingar saman, er ein perfekt måte å bli kjende på og ein fin oppstart til emnet, fortel Ryslett og Fooladi. Som utdjupar at desse felles opplevingane ser ut til å bidra til både samhaldet og samarbeidsevna. Etter å fått ein "kick start" på Haavardgarden møtte studentane arbeidsklare i undervisningskjøkkenet for å lære om sylting, safting og konservering. 

Sjå meir om besøket på Haavardgarden her

 

 

Del på