Ny bok blir pensum i unikt studium i nynorskopplæring

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Det er ikkje flaut å kvi seg eller streve med nynorsk. Det er det mange som gjer. Er du lærar som underviser i norsk i grunnopplæringa som vil auke kompentansen i nynorsk og det å undervise i norsk? Hjelpa finn du berre i Volda.

Institutt for språk og litteratur (ISL) ved Høgskulen i Volda (HVO) er sterke på etterutdanning av lærarar, og har eit innhaldsrikt tilbod i alt frå erfaringsbaserte masterar til studium innan Digital kompetanse og Kompetanse for kvalitet.

HVO har også den største kompetansen på nynorsk i heile landet, og tek eit særleg ansvar for å bevare og utvikle nynorsk språk og skriftkultur. Og gjennom ISL tilbyr høgskulen eit nettbasert studium, Nynorsk i opplæringa del 2, som gir lærarar moglegheita til å styrke nynorskkompetansen.

Fleire verktøy å bruke i undervisinga

– Det er ingen andre som tilbyr eit slikt studium i nynorskopplæring. Det er heilt nettbasert, og det er mogleg for lærarar i heile landet å ta det ved sidan av jobben sin, seier Kristin Kibsgaard Sjøhelle ved ISL.

Nynorsk i opplæringa er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa, men det er også nyttig for alle som vil heve nynorskkompetansen sin. Skriving på nynorsk er heilt sentralt, og deltakarane får tett oppfølging frå dyktige faglærarar og medstudentar på emnet.

– Det er nok flest lærarar som underviser i nynorsk som sidemål som kanskje føler dei manglar litt kompetanse på området. Då er Nynorsk i opplæringa perfekt for dei, slik at dei kan få fleire verktøy å bruke i undervisinga si, legg Gudrun Kløve Juuhl ved ISL til.

Nynorsk i opplæringa del 2 går over to semester, og finst både som vanleg vidareutdanningsstudium og som Kompetanse for kvalitet. Det er mogleg å starte studietida både om hausten og våren.

Les meir om Nynorsk i opplæringa del 2 her - du kan søkje allereie no!

Såg behovet for ei oppdatert bok

På pensum kjem også ei splitter ny lærebok, Nynorskdidaktikk, som allereie er del av pensum i fleire andre studium. Den er forfatta av Gudrun Kløve Juuhl, Kristin Kibsgaard Sjøhelle og Hjalmar Eiksund, som alle har forska på og underviser i nynorskdidaktikk ved HVO.

I 2018 såg dei eit behov for ei oppdatert bok for lærarar og studentar om nynorskopplæring, og etter kvart kom Samlaget til bordet med det same synet.

Ny bok, Nynorskdidaktikk
Forfattarane bak den nye læreboka Nynorskdidaktikk meiner boka vil passe inn i lærarutdanningane i heile Noreg. Foto: Lene Mo Flataker.

– Boka er sett saman av ulike emne vi meiner er viktige for lærarar som underviser i nynorsk som både hovudmål og sidemål. Det finst så mange andre inngangar elevar treng å møte enn berre språkhistorie, Ivar Aasen og grammatikk, seier Kibsgaard Sjøhelle og held fram:

– Vi har lyst til å vise at nynorsk opplæring er moderne, og at det er eit aktivt skriftspråk.

Vil passe inn i lærarutdanningane over heile landet

Hjalmar Eiksund fortel at boka er eit resultat av noko dei sjølve har sett at dei har mangla i lærarutdanninga.

– Det er ikkje tilfeldig at det er tilsette ved HVO som har skrive boka. Nynorskdidaktikk står veldig sterkt i forskingsmiljøet her, og har gjort det lenge. Difor er det også naturleg at det er HVO som kjem med ei slik bok. I tillegg står nynorsk sterkt i strategien til høgskulen. Vi skal vise at vi følgjer opp, og at vi har den faglege kompetansen.

Eiksund, Kløve Juuhl og Kibsgaard Sjøhelle håper Nynorskdidaktikk, som også inneheld kapittel frå Pernille Fiskerstrand og Jan Inge Sørbø, vekker meir interesse for nynorsk.

– Også blant dei som tykkjer nynorsk er framand eller vanskeleg. Dette er ei lærebok som skal vere meir tilgjengeleg og lettlese, og den vil passe inn i lærarutdanningane over heile Noreg, seier Kibsgaard Sjøhelle.

Del på