Nye internasjonale moglegheiter

Tekst: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Utveksling har vore hardt råka av pandemien, men arbeidet med å finne nye og spanande utvekslingsavtalar held fram. Nyleg signerte høgskulen to banebrytande avtalar med universitet i USA og Tyskland.

Onsdag 9. februar arrangerast Internasjonal dag som ei digital utvekslingsmesse der studentar og tilsette får sjansen til å lære meir om HVO sine mest populære utvekslingsavtalar. I år presenterer vi også to rykande ferske avtalar som er resultat av det internasjonale prosjektet Global Co-Space, der HVO har delteke gjennom Avdeling for mediefag.

No er det mogleg å reise til USA med Erasmus-stipend

Gjennom prosjektet har HVO oppretta nær kontakt med University of Wisconsin River Falls (UWRF) og deira medie- og kunstutdanningar. Ein utvekslingsavtale vart underteikna hausten 2021 og den første utvekslingsstudenten frå Volda er allereie på plass i Wisconsin i januar 2022.

Det unike med denne avtalen er at den dels er ein Erasmus+ avtale, som betyr at nokre studentar og tilsette kan få Erasmus-stipend sjølv om universitetet ligg i USA.

– UW River Falls trur vi kan verte veldig attraktivt for våre studentar og tilsette, seier Arne Humberset, leiar for internasjonalt kontor ved HVO. Han meiner at universitetet har mange likheiter med HVO og at dei tilbyr mange av dei same utdanningane HVO gjer.

– UW River Falls ligg også på ein relativt liten stad som vert dominert av studentane og universitetsmiljøet, men til forskjell frå Volda ligg millionbyen Minneapolis/St. Paul berre 30 minutts køyring unna River Falls – så her kan ein oppleve både amerikansk småby- og storbyliv, seier Humberset. 

UW River Falls
Photo: University of Wisconsin - River Falls 

Ny dobbeltgradsavtale knytt til mediemaster

Global Co-Space-prosjektet er koordinert av RheinMain University of Applied Science i Wiesbaden, Tyskland, og her har også HVO inngått ein ny banebrytande avtale. Dette er ein Dobbeltgradsavtale knytt til Master in Media Practices (MMP) ved HVO og Master in Creative Media Conception ved RheinMain. Avtalen gjer det mogleg for studentar på MMP-programmet å få tildelt ein mastergrad frå både HVO og RheinMain dersom ein utvekslar og tek minimum 45 studiepoeng ved RheinMain og skriv masteroppgåve med rettleiar frå begge institusjonane.

Dette er HVOs andre dobbeltgradsavtale med institusjonar i utlandet. 

– Dobbeltgrad er noko vi ikkje er så van med i Noreg, men dette er eit veldig godt tilbod til studentar som ynskjer å få ei solid internasjonal erfaring, men samtidig ikkje ynskjer å ta heile graden i utlandet. Tyskland er eit av våre næraste samarbeidsland og difor vil truleg studentar med kvalifikasjonar derfrå vere attraktive i jobbmarknaden, seier Humberset.

Hochschule RheinMain
Photo: Globaldesign - Hochschule RheinMain

Del på