Nytt arbeidsutval i Studentparlamentet – dette vil dei jobbe for

Tekst: David Høyheim Skintveit

- Oppdatert

Det nye arbeidsutvalet i Studentparlamentet som nyleg er valt vil gjere det enda betre å vere student i Volda. Få med deg kva dei vil hjelpe og arbeide med.

Studentparlamentet valte nytt Arbeidsutval (AU) ved sitt siste møte i vår.

Forutan at internasjonal ansvarleg no er leiar, var samlege nye og har gjennomgått opplæring i starten av mai. Det er no eit engasjert AU som er klar til å representere studentstemma ved Høgskulen i Volda.

Bli betre kjent med medlemmane under:

Mather Othman – leiar

Som leiar for Studentparlamentet, bil eg arbeide aktivt for å fremje eit levande studentdemokrati der studentane blir høyrde og får innverknad. Målet mitt er å stadig forbetre Høgskulen, med sterk vekt på studentvelferd, tryggleik og miljøvern. Eg vil leia, koordinere og prioritere ulike oppgåver i AU, og representere studentane utad. Eg kjem til å ha regelmessige samarbeidsmøter med leiinga ved Høgskulen og SiVolda, og også følgje opp styret til Fadderveka i Volda. Vidare, vil eg arbeide nært med ulike studentorganisasjonar for å sikre godt samarbeid og støtte til studentinitiativ.

Sander Allman – nestleiar og internasjonal ansvarleg

Som internasjonalt ansvarleg vil eg jobbe for at HVO skal vere supergode på inkludering, med møteplassar og arrangement for studentane. I rolla som nestleiar vil eg avlaste leiar, delta i møter med leiinga og følgje opp saker vi jobbar med.

Nina Skara Pettersen - informasjonsansvarleg

Som informasjonsansvarleg vil eg jobbe for å gjere Studentparlamentet meir synleg for studentane, og kommunisere ut om våre aktivitetar og arbeid. Eg vil ta meg av grafisk profil og uttrykk, samt sosiale medium. Følg gjerne Studentparlamentet på Facebook og Instagram.

Susanne Fremmerlid Lauridsen – velferdsansvarleg

Som velferdsansvarleg vil eg bidra til eit aktivt og inkluderande studentmiljø med eit best mogleg velferdstilbod for alle studentane ved Høgskulen. Eg vil følgje opp studentorganisasjonane og- festivalane ved HVO, bistå når dei søkjer om velferdsmidlar, og samarbeide med Velferdsgruppa ved Høgskulen.

Noah Grasdal Aarseth – fagansvarleg

Som fagansvarleg vil eg jobbe for at alle studentane ved HVO skal ha best mogleg studiekvalitet og finne seg til rette på sitt studium. Eg vil følgje opp dei tillitsvalde på studieprogramma og arrangere allmøter for tillitsvalde kvart semester.

AU ser fram til å arbeide med dagleg drift av Studentparlamentet og sørgje for eit aktivt studentdemokrati, forberede og følgje opp sakar og jobbe for det beste til alle studentar. Dei er alltid opne for å ta imot forslag på saker – du finn dei på kontoret sitt i første etasje i Berte Kanutte-huset!

Del på