Nytt studentombod – sjå kva ho kan hjelpe studentar med

Tekst: Per Straume , Foto: Lisbeth Heilund

- Oppdatert

Lene Loy, det nye studentombodet ved Høgskulen i Volda, ser fram til å hjelpe studentar, og har trua på at ein god prat kan løyse mange utfordringar.

Loy har starta i jobben som studentombod ved Høgskulen i Volda (HVO) og er klar for å ta imot spørsmål, snakke med, gi råd og løyse utfordringar studentane har.

Men kva gjer så eit studentombod? Kva spørsmål kan ho svare på og kva rolle har ho?

Studentombodet hjelper til med alle typar av spørsmål som gjeld studiesituasjonen; til dømes om opptak som student, eksamen, praksis, klagesaker, læringsmiljø (alt frå inneklima til upassande oppførsel frå medstudentar eller tilsette), fuskesaker eller saker som gjeld skikkavurderingar.

– Dei daglege spørsmåla om kva for framgangsmåtar og løysingsalternativ som finst i ulike saker, skal også studiekonsulentar og andre studentrådgivarar kunne svare på, men om ein treng å rådføre seg med nokon utanforståande, om ein føler at ein ikkje når fram, eller om dialogen på ein eller annan måte har kome skeivt ut, kan studentombodet kontaktast, seier Loy.

Ho vil at det alltid skal vere ein låg terskel for å ta kontakt med studentombodet.

Loy ser på si eiga rolle som ei «vaktbikkje» som skal sjå til at studentane sine rettar blir overhaldne, og at saker får ei forsvarleg og korrekt behandling, men ho kan ikkje opptre som «advokat».

– Gjennom å vere ein lyttehjelpar og samtalepartnar, vil eg bidra til å rydde opp i eventuelle misforståingar, lette kommunikasjonen og førebygge konfliktar gjennom konstruktiv dialog, der saker blir behandla på lågast mogeleg nivå, fortel Loy.

Det nye studentombodet legg til at ho ikkje kan svare på spørsmål som gjeld Lånekassa, husleigespørsmål eller andre forhold utanfor HVO si sfære.


Ta kontakt med studentombodet

E-post: studentombodet@hivolda.no
Telefon: 55 58 59 26/ 95 82 99 69


Kjem til Volda i mars

HVO samarbeider med Høgskulen på Vestlandet (HVL) om studentombodet. Det vil seie at Loy vil dele seg mellom Volda og dei ulike campusane HVL har.

Ho kjem for første gang til Volda 11.–12. mars. Då vil det vere mogleg for studentane i Volda å helse på og slå av ein prat med studentombodet. Ho vil sette opp ein stand der ho ønskjer studentane velkomen innom for ein kopp kaffi.

– Eg har også ein ambisjon om å tilby nokre timar med «ope kontor», for dei som ønskjer ein meir fortruleg samtale. Detaljane er ikkje heilt bestemt enno, fortel Loy.

Ho ønsker også få til ein til to faste besøksdagar i Volda, tre til fire gongar i semesteret, med «ope kontor» der studentane på førehand kan booke ein time eller kome innom på drop-in-besøk.

Dialog og konstruktive løysingar

Loy er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, og har i tillegg ein tverrfagleg mastergrad i konfliktmekling frå Københavns Universitet, som ho avslutta i 2022. Ho har tidlegare arbeidd som konsulent og byråkrat innanfor byutviklingsfeltet, ein sektor prega av stor spennvidde i ulike interessefelt og konflikttema mellom fag og politikk, der dei ulike aktørane er avhengig av eit godt samarbeid.

– Kvifor ville du bli studentombod, som verkar til å vere ganske annleis frå det du har arbeidd med tidlegare?

– Eg har tidlegare erfaring frå eit veldig teknokratisk fagområde, der det meste av jobben skjer gjennom ganske standardiserte og formaliserte prosessar, bak ein skjerm og eit tastatur. Som studentombod vil eg kome tettare på menneske, og få brukt kunnskapane mine meir direkte og konkret retta mot den einskilde sitt behov for hjelp i møte med systemet.

Konfliktar handlar om mykje meir enn juss, blant anna ligg det mykje utfordringar i å handtere dei relasjonelle problema. Eg trur det vil opplevast veldig meiningsfylt å kunne bruke meir av mine eigne både faglege og personlege erfaringar i å hjelpe studentane og institusjonen med å sette ord på problema, og i fellesskap leite etter konstruktive løysningar gjennom dialog, svarar Loy.

Del på