Nyttårshelsing frå rektor og prorektor

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Rektor Johann Roppen og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim tek eit tilbakeblikk på året som snart er omme, og fortel kva dei og Høgskulen i Volda ser fram til i 2023!

Året 2022 er lagt bak oss. Det var også året vi la bak oss koronaen som ein trugande pandemi – trur vi i alle fall. Det var verkeleg stort å få ønske nye studentar velkomne til Volda på «Festplassen» bak Berte Kanutte-huset igjen. Vi har hatt eit haustsemester der pandemien for dei fleste har vore meir som ei lita forkjøling og der vi har drive høgskulen som vanleg. Det er veldig bra.

Semesterstart 2022
Under semesterstarten i haust kunne vi endeleg samlast på «Festplassen» bak Berte Kanutte-huset igjen. Foto: Høgskulen i Volda.

Av hendingar i 2022 var nok 100-årsmarkeringa av Henrik Kaarstad-huset eit høgdepunkt for mange. Godt oppmøte – ikkje minst frå tidlegare tilsette – ministertale og imponerande musikalske bidrag gjorde dette til ein verkeleg festdag! Ei anna stor hending var at vi sende akkrediteringssøknad på det som skal bli vår eigen ph.d.: Utdanning, språk og kultur. Svaret på søknaden får vi kanskje som julegåve i 2023.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe besøkte Høgskulen i Volda under 100-årsmarkeringa av Henrik Kaarstad-huset. Foto: Høgskulen i Volda.

Ei anna hending – eller meir ei langsiktig og god utvikling – er at høgskulen har fått mange nye doktorandar, nye professorar, dosentar og førstelektorar. Og særleg kjekt er det at mange av desse er kvinner – og mange tek også ansvar som prosjektleiarar på forskingssøknader. På ein måte er dette naturleg og slikt ein bør vente av kvarandre og oss som institusjon. På den andre sida har vi hatt langt færre kvinner i toppstillingar enn andre institusjonar, så dette er ei rett og god utvikling som vi håpar held fram.

Mange kvinnelege tilsette har fått opprykk til professor eller dosent.
Mange tilsette ved HVO har fått opprykk til professor eller dosent, og særleg kjekt er det at mange av desse er kvinner. Foto: Høgskulen i Volda.

Vi går snart inn i eit nytt år, og 2023 vert eit spennande og innhaldsrikt år, med nokon utfordringar og mange moglegheiter. Mange av UH-institusjonane i Noreg har svært tronge budsjett grunna høge straumprisar, noko HVO så langt har vore heldige og unngått. Det er også mange og store høyringar på gang i sektoren, vi kan til dømes kanskje sjå konturane av eit nytt finansieringssystem i sektoren i løpet av året.

Det er også mykje som skjer internt på HVO. I løpet av 2023 skal mange leiarstillingar på plass, rektorat frå august 2023 er valt, direktør er fast tilsett, studiedirektør er også på plass og byrjar i løpet av vårsemesteret, og no er det tre dekanstillingar som er lyst ut. Målet er at det vert klart i styremøtet i mars kven som vert tilsett i desse tre dekan-stillingane.

Også i 2023 vert høgskuleområdet prega av store byggeprosjekt, med nytt Volda-bad som vil byrje å ta form ut over året og vi ser fram til oktober når Hans Strøm-huset står fram i ny innvendig drakt. Etter planen er det då klart til å takast i bruk igjen av både tilsette og studentar. Vi har stor tru på at dette er eit godt prosjekt for heile HVO, og at det vil føre til ein betre studiedag for mange av våre studentar, men store flotte nyoppussa læringsareal som legg vekt på studentaktive læringsformer.

Og om du er interessert i å lære meir om korleis slike areal kan nyttast, så ta gjerne turen innom Læringsverkstaden vår. Dei tilsette på Læringsverkstaden står klar til å støtte tilsette og studentar i å vidareutvikle studiekvaliteten særleg knytt til digital profesjonsfagleg kompetanse og studentaktive lærings- og vurderingsformer!

Læringsverkstaden
Som student eller tilsett ved høgskulen kan du på Læringsverkstaden teste det ut, få hjelp til å bruke hjelpemidla rett, bli knallgod med dei – og lære korleis du kan lære det bort til andre. Foto: Høgskulen i Volda.

Vi håper at mange søkarar til høgare utdanning vel HVO som sin høgskule før søknadsfristen 15. april. Vi har eit levande og kreativt studentmiljø, og ei utdanning frå Høgskulen i Volda er ein trygg veg mot yrke som er etterspurt i heile landet. 

Vi ynskjer alle studentar, tilsette og samarbeidspartar eit godt nytt år!

Helsing rektor Johann Roppen og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Del på