Opnar for å søkje utveksling våren 2021

Tekst: Per Straume , Foto: Elen Haksø

- Oppdatert

HVO har framleis ikkje endeleg avgjort om det vert utveksling våren 2021, men ein håper at det vert mogleg og opnar no difor for at studentar kan søkje via Søknadsweb. 

Korona-pandemien påverkar i stor grad både internasjonal reise- og utdanningsverksemd, noko som fører til nye og større utfordringar og usikkerheiter knytt til utveksling. Likevel ynskjer høgskulen å opne for utveksling så langt det viser seg forsvarleg. Det er difor no opna for å søkje om utveksling for våren 2021 og søknadsfristen er som normalt 1. oktober. 

– Dette betyr at vi arbeidar for å kunne tilby utveksling våren 2021, men at dette ikkje er endeleg bestemt. Det er framleis ein viss fare for at utveksling vert avlyst, så alle som søkjer utveksling bør ha ein plan B i tilfelle utveksling ikkje vert mogleg, seier leiar for Internasjonalt kontor Arne Humberset. 

HVO-leiinga vurderer situasjonen nøye framover og vil ta ei endeleg avgjerd om utveksling for vårsemesteret 2021 i løpet av veke 44 (26.-31. oktober).

– Slik situasjonen er no, verkar det som meir sannsynleg å kunne tilby utveksling innanfor Europa enn til resten av verda. Dette fordi det vi har betre informasjon om smittesituasjonen, meir avklara forsikringsdekning og betre returmoglegheiter ved utveksling til land i Europa, seier Humberset. 

Studentar og tilsette som har spørsmål om utveksling må gjerne ta kontakt med Internasjonalt kontor.
 

Del på