Oppstart bygging Voldabadet - endra parkering for HVO

Tekst: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Denne veka (torsdag 1. desember) startar bygginga av ny symjehall på nabotomta. Byggeperioden er planlagt å vare til oktober 2024, og då vert det nokre endringar for høgskulen i dette tidsrommet: 

  • Parkeringsarealet mellom Berte Kanutte-huset og Volda Campus Arena vert avsperra. Alternativ parkeringsplass vert på Rotevasstomta ved Ivar Aasen-huset, same areal vi nytta då Sivert Aarflot-huset vart bygd. Sjå kartutsnitt. Vi minner også studentar og tilsette om at vi har gode parkeringstilhøve i underetasja på Volda Campus Arena.
  • Den eine gangvegen mellom Joplassvegen og Øyra skule vert mellombels stengt. Gangvegen som går på nedsida langs Berte Kanutte-huset vil vere open.
  • Joplassvegen kan bli stengt i korte perioder. 

Det er Volda kommune som er utbyggar. Dei vil informere som vanleg via sine kanalar gjennom byggeperioden. 

Del på