Opptak studietilbod våren 2021

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje fleksible studietilbod på nett og deltid som møter kunnskaps- og kompetansebehova på fleire sentrale samfunnsområde. Det kan no søkjast opptak til over 50 studium med oppstart våren 2021.  

Livslang læring

Endringar i arbeids- og samfunnslivet skaper eit behov for å oppdatere seg fagleg heile livet. Ei sentral målsetting for Høgskulen i Volda (HVO) er å vere i front når det gjeld å utvikle slike fleksible utdanningstilbod. I dette biletet er bruk av ny undervisningsteknologi viktig. Over 1000 studentar ved HVO er knytt til reine nettstudium.

Fagområde

HVO tilbyr fleksible studietilbod med oppstart våren 2021 innanfor alle høgskulen sine sentrale fagområde: administrasjon og leiing, digital kompetanse, estetiske fag og musikk, helse- og sosialfag, historie og religion, idrett og friluftsliv, lærarutdanning, matematikk og naturfag, mediefag og språk og litteratur.  

Mastergradar og enkeltemne på masternivå

Høgskulen i Volda tilbyr i dag 15  mastergradar. Av dei tilboda som har oppstart våren 2021 er 16 mastergradar eller emne på masternivå.  

 

Eit av tilboda du kan søke på er Undersøkande journalistikk (15 studiepoeng). Studiet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon.

Søknadsfristar

Dei fleste tilboda har løpande opptak. Nokre tilbod har frist 1. desember 2020: nettstudium i engelsk og historie i tillegg til masteremna Documentary Photography, Leiing og åtferd og Utvikling og læring i barnehage og skule. 

Studietilbod med oppstart våren 2021.

Del på