På rett kurs med studentane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Gode krefter ved og rundt høgskulen har samla seg for å gi studentane ei rekke kurs i haustsemesteret som skal være sosiale, lærerike og utviklande. Først ut er kjærleikskafé tysdag 3. september.

– Vi vil skape gode møteplassar for studentane og lage kurs og arrangement som interesserer dei, seier Eli Anne Løksa, studentrådgjevar i Studentsamskipnaden i Volda og Lone Ellingvåg Knutsen, studenthumanist ved Høgskulen i Volda (HVO).

Saman med studentparlamentet har dei stelt i stand kurs for hausten 2019 som dei håper vil treffe mange av Volda-studentane. Slike arrangement er noko ein ser for seg å halde fram med i vårsemesteret og lang tid framover, difor vil initiativtakarane gjerne ha innspel frå studentane om kva dei ønsker seg.

10. oktober markerast verdsdagen for psykisk helse – også ved HVO. Men på høgskulen ønsker ein å sette psykisk helse på agendaen gjennom heile oktober og har arrangement knytt til dette gjennom månaden.

 

Her er kursa og arrangementa for haustsemesteret:

Kjærleikskafé – tysdag 3. september kl. 19.00 
Korleis kan vi forstå kva kjærleik er? Er kjærleik noko som kan lærast? Kan det å uttrykke tankar om kjærleiken sitt mangfaldige vesen gi oss ei innsikt i kva den betyr for oss? Kjærleikskafé er ein stad studentar møtast for ein open og undersøkande samtale om fenomenet kjærleik, og plassen den har i liva våre.
Det vert også servert kaffi/te og noko godt å bite i.

Tankevirus – meistringskurs måndag 23. og onsdag 25. september kl. 15.30
Eit nyttig og morosamt kurs kor du lærer om korleis tankane og merksemd påverkar humøret og handlingane dine. Tankevirus passer for alle - for deg som ønsker å lære meir om korleis psykologi påverkar oss i kvardagen, til deg som slit med mild depresjon og angst. Mat: 15.30-16.00. Kursstart: 16.00.

Sofaprat med Peder Kjøs – torsdag 3. oktober
Peder Kjøs har hatt sitt eige TV-program på NRK «Hos Peder». No kjem den kjende psykologen til Volda for å snakke om studenttilvære og det spesiell med den livsfasen.

Ensom? – meistringskurs – torsdag 10. oktober kl. 14.30
Alle har vel kjent på følelsen av det å vere einsam innimellom, men kva gjer du om denne følelsen er vedvarande? I løpet av kurset skal du få innsikt i kva einsemd er og kva du kan gjere for å kome ut av den.

Mindfulnesskurs/foredrag torsdag 17. oktober
Line Katrin Moe har, i tillegg til barnevernsutdanning, istruktørutdanning i mindulfness frå Jesper Juul/Famlab.
Mindfulness handler om å være tilstede i eget liv. Å se hva som skjer i deg- uten å vurdere og dømme, uten at du ønsker at noe skal skje eller at du vil at noe skal være annerledes. Mindfulness handler om å bli bedre kjent med seg selv. Å se hvordan du egentlig har det, sette fokus på egne behov og hvordan du ønsker å leve livet ditt.

Kurs med Optimal Helseklinikk – desember (dato kjem snart)
Dette kurset er midt i blinken for studentar i eksamenstida. Fagfolk frå Optimal Helseklinikk vil gi deg gode råd om søvn, god og riktig ernæring, avslapningsteknikkar og generelle helseråd før og i eksamenstida.

 

Sjå alle helse- og velferdstilboda ved Høgskulen i Volda her.

Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT) i 2018 gav eit bilde av at mange av Volda-studentane stort sett har det bra i liva sine, men at også ein del har utfordringar knytt til psykisk helse og einsemd. Kursa ein no sett i gang og som ein ønsker å halde fram med, er eit svar på resultata frå denne undersøkinga.

– Dette er eit av tiltaka ein gjer for at studentane skal ha det bra både på og utanfor skulen, seier Løksa og Knutsen.

Dei vil også prøve å gjere meir enn å hjelpe dei studentane som har vanskar og utfordringar knytt til til dømes psykisk helse.

– Vi føler på eit ansvar for å forebygge og skape eit godt studiemiljø. Vi vil vere med på å hindre at studentar kjem opp i situasjonar ein ikkje ønsker seg.
 

Del på