Praktisk retta vidareutdanning i naturfag: – Heilt etter læreplanen

Naturfag har ein viktig plass i norsk skule og gjennom den nye læreplanen er faget blitt meir praktisk orientert. Det gjer vidareutdanning i naturfag høgaktuelt for lærarar som skal gi oppdatert undervisning i faget.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Naturfag har ein viktig plass i norsk skule og gjennom den nye læreplanen er faget blitt meir praktisk orientert. Det gjer vidareutdanning i naturfag høgaktuelt for lærarar som skal gi oppdatert undervisning i faget.

I 2020 kom ein ny læreplan i naturfag, som la vekt på at faget skulle bli meir praktisk.

Det stiller også litt andre krav til undervisninga. Innhaldet i faget skal ikkje vere så teoritungt, meir knytt til fleire delar av samfunnet rundt oss og tverrfagleg.

Knytt til aktuelle og tverrfaglege tema

Med den nye læreplanen ser lærarar behovet for å oppdatere seg i faget og få ny fagleg kunnskap som er meir tileigna den undervisninga dei skal drive i dag.

– Naturfagundervisinga i skulen har endra seg. Det gjer at vi også endrar undervisinga vår i vidareutdanning av lærarar. I Naturfag 2 er undervisninga under samlingane veldig praktisk retta. Studentane får lære nye og praktiske eksempel som dei kan knyte opp mot aktuelle og tverrfaglege tema som berekraft og miljø, fortel Eirik Søvik, leiar av Institutt for realfag ved Høgskulen i Volda.

Vidareutdanninga Naturfag 2 som han nemner, tel 30 studiepoeng og går over eit heilt skuleår. Den har oppstart hausten 2022 og to samlingar på to-tre dagar i kvart av dei to semestera. Utanom samlingane går undervisning, oppgåver og tilbakemeldingar føre seg på nett – gjennom læringsplatforma Canvas, der ein finn alt samla. Der får ein også tilbakemelding på oppgåver og kan ha kontakt med medstudentar. Tilbodet Naturfag 1 føl og denne oppbygginga, for dei som ikkje har naturfag i utdanninga si frå før.

LES MEIR OM NATURFAG 2 OG SØK HER

Les også om Naturfag 1 for 1. – 7. årstrinn
Les også om Naturfag 1 for 5. – 10. årstrinn
 

Nye eksempel til klasserommet

Studiet er for lærarar som har 30 studiepoeng naturfag i si tidlegare utdanning. Innhaldet i studiet svarar til Naturfag 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. årstrinn og bygger såleis på Naturfag 1. 

– Det ein lærer i løpet av samlingane i form av felt- og laboratoriearbeid skal vere av praktisk karakter, og noko som kan takast med inn i klasserommet der dei enkelte til dagleg jobbar, forklarar Søvik.

Carlos David Magnusson
Førsteamanuensis Carlos David Magnusson underviser i Naturfag 2.

Carlos David Magnusson vil ha ansvar for ein del av undervisninga i vidareutdanninga. Vi treff han på laben på Henrik Kaarstad-huset der han har naturfagundervisning og nettopp er ferdig med ein teoribit på tavla. Så set han studentane i sving med pH-målingar av forskjellige væsker, der dei lærer seg å bruke ulike instrument for å måle pH. 

Sjå alle vidareutdanningstilbod Høgskulen i Volda har for lærarar her.

Kva plast kan gjenvinnast?

Likt dette vil også undervisninga i vidareutdanninga Naturfag 2 også vere, fortel Magnusson: – Den teorien dei lærer, skal dei få utforske ved å gjere eksperiment. Ta på ting, lukte, forme om, sjå og kjenne kvifor ting er som dei er eller endrar seg til noko anna.

Magnusson trekk fram eit eksempel som er veldig aktuelt. Plast. Og gjenvinning.

– Kva er det som gjer at nokon typar plast kan gjenvinnast og nokre ikkje. Det har med kjemien i plasten å gjere, og er blant anna noko av det vi skal sjå på i undervisninga, seier førsteamanuensisen. 

Utdanninga av lærarar utviklar seg

Plast, berekraft og miljø er nokre døme på tema som har vorte spesielt aktuelle dei siste åra, og også satt enda meir på undervisningskartet etter at den nye læreplanen kom.

Eirik Søvik
Professor og instituttleiar Eirik Søvik

For mange som er lærarar i skulen i dag var ikkje dette ein del av utdanninga då dei studerte til å bli lærar. 

– Ein er tettare på omverda no enn ein var tidlegare, både i skulen og i utdanninga av lærarar. Det som skjer på laben og det ein finn ut der, har stor betydning for mange andre delar av samfunnet, utanfor laben, forklarar Søvik og held fram:

– Med den nye læreplanen skal også undervisninga vere meir praktisk retta enn den har vore tidlegare. Det er også eit mykje større fokus på djupnelæring. Det var ikkje like sentralt i lærarutdanninga tidlegare, og det er naturleg å tru at mange lærarar kan hente ny kunnskap og inspirasjon på det feltet gjennom vidareutdanninga vår. 

Del på: