Pressemelding frå høgskulestyret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Eit einstemmig styre ved Høgskulen i Volda har vedteke å avslutte arbeidsforholdet med Ann Kristin Emblem som høgskuledirektør.

Det har vist seg over tid at styret og direktøren har ulike og motstridande syn i fleire viktige saker. Summen av desse sakene gjer at styret ikkje lenger har tillit til direktøren.

Styret har vore gjennom ein lang og grundig prosess med mange møte før det vart konkludert i saka. Direktøren har på vanleg måte fått høve til å uttale seg før oppseiing vart vedteke – både sjølv og gjennom advokat. Ho har også fått møte styret og gitt sin munnlege versjon.

Høgskulestyret er trygge på at alle viktige funksjonar ved høgskulen vert ivaretekne framover, og at avgjerda om å avslutte tilsetjinga til noverande direktør ikkje får negative konsekvensar for andre tilsette eller studentane. 

Kontaktperson i denne saka:
Fungerande styreleiar ved Høgskulen i Volda
Silje Louise Dahl
Tlf: 97150771
E-post: siljeld@hivolda.no

Del på