Pris for kvalitet i utdanninga til fagmiljøet i animasjon

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Pris for kvalitet i utdanninga 2022 ved Høgskulen i Volda (HVO) går til fagmiljøet ved animasjon ved Avdeling for mediefag. 

Pris for kvalitet i utdanninga er ein årleg pris som styret tildeler i siste styremøte i året. Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim seier at prisen skal synleggjøre den gode innsatsen ein person eller eit fagmiljø gjer for å fremje kvalitet i utdanning ved HVO. Dei blir nominert fram av tilsette og studentar.

– I og med at prisen set fokus på kvalitet i utdanninga er det ein del av kvalitetssystemet vårt som skal sikre at vi tilbyr gode utdanningar, seier Odd Helge. 

Her finn du statuttane for prisen

Overraskande å få prisen

Programansvarleg ved animasjon, førsteamanuensis Endre Eidså Larsen, seier at prisen kom brått på.

– Det var overraskande å bli nominert og å få denne prisen! Fagmiljøet ved animasjon har heile tida fokus på kva som kan forbetrast. Me tenkjer heile tida på det som ikkje er bra nok, det som skal bli betre. Å få denne prisen er derfor overraskande, men veldig hygleg!

Han er klar på at det ikkje hadde vore mogleg å få prisen utan hjelp frå studentane.

– Eg vil først og fremst takke studentane! Me er veldig heldige med studentane våre, og me har voldsom respekt for dei som individ. Me lærer mykje av dei, og eg opplever at me har eit godt tillitsforhold. Fagstaben jobbar dedikert, er lærevillige og veldig opptekne av at studentane har det bra og får utforske faget. Noko av det herlegaste ved å jobbe her er å undre over faget og animasjon som kunstform saman med studentane.

Instituttleiarane har lagt til rette

Eidså Larsen seier også at instituttet må få sin del av æra.

– Det er mange å takke for ein slik pris, det har blitt lagt eit godt grunnlag over mange år her i Volda, og det er så mange flotte og hyglege folk som jobbar ved Høgskulen. Takk til dei som har nominert oss og stemt oss fram. Eg er sikker på at veldig mange ved Høgskulen hadde fortent denne prisen. Ikke minst vil eg trekke fram eit motiverande arbeidsmiljø ved avdeling for mediefag, og instituttleiarane våre som står på. Vår noverande instituttleiar for institutt for film og animasjon, Ivar John Erdal, er veldig støttande og positiv, og eg vil retta ein stor takk til vår tidlegare instituttleiar Dag Roland som over fleire år har lagt ned eit enormt arbeid for å leggja til rette for eit godt utdanningsmiljø.

Her er grunngjevinga for pris for kvalitet i utdanninga 2022 ved HVO: 

Årets prisvinnar er eit ungt fagmiljø med ein kombinasjon av fulltids- og deltidstilsette, der dei sist nemnde driv profesjonell verksemd. Dette fagmiljøet har gjennom revisjon av bachelor-studiet klart å vidareutvikle ein langvarig kombinasjon av arbeid med teoretisk, forskingsbasert kunnskap og praktiske dugleikar som er arbeidsrelevante på ein førebiletleg måte. 

Fagmiljøet driv ellers kontinuerlig utvikling innanfor emneplanane. Tilbakemeldingar frå studentane både gjennom formelle kanalar og daglege samtalar dannar saman med dei tilsette sine eigne vurderingar viktig grunnlag for slik utvikling. Målet er å leggje til rette for å møte studentane sine behov på individ- og gruppenivå. Undervisinga er svært studentaktiv og baserer seg stort sett på praktisk øving, dialogbasert uveksling av kunnskap, erfaring og idear. Studentane lærer både eit handverk og ei kunstform der det blir lagt stor vekt på praktisk filmproduksjon. Dette har mellom anna vist att i mange utmerkingar og prisar til studentproduksjonar. 

Fagmiljøet har eit studietilbod som er uvanleg godt tilrettelagt for internasjonale studentar. Dei tilsette har teke initativ til eit nordisk forskingsnettverk for animasjonsforskarar. Dei samspelar også aktivt med i den studentdrivne og årlege 'Animation Volda'-festivalen. Årets prisvinnar er fagmiljøet i animasjon ved Avdeling for mediefag.

50.000 til fagmiljøet

Prisen er på 50.000 kroner til fagmiljøet og blir delt ut av styret for Høgskulen i Volda. Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med tanke på kvalitet i utdanning, til dømes; studiereiser, konferanser, miljø- og nettverksbygging, eller utstyr til utdanningsarbeid. 

 

 

Del på