Regjeringa gir tommel opp til mediebygget

Jubel på Høgskulen i Volda då godkjenninga for å starte bygginga gjekk i boks. – Dette var kjekt og etterlengta, seier rektor Johann Roppen.

Peab K. Nordang og Link arkitektur.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Jubel på Høgskulen i Volda då godkjenninga for å starte bygginga gjekk i boks. – Dette var kjekt og etterlengta, seier rektor Johann Roppen. 

Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, kom med den gledelege beskjeden tysdag om at regjeringa har godkjent planane for det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda (HVO). Nybø slapp nyheita under ein pressekonferanse i samband med at ho var i Volda for å offisielt opne studieåret ved høgskulen.

– Høgskulen i Volda har ei av dei leiande medieutdanningane i landet og regjeringa er glad for å kunne vere med på å gi høgskulen eit topp moderne mediebygg. Det skal vere tilpassa nyare og framtidsretta medieproduksjon, undervisning og forsking. Samstundes som det skal støtte opp under digital læring, seier Nybø.

Ambisjonar

Ministeren la vekt på at HVO har vist ambisjonar og ønsker å utvikle medieutdanningane sine.

– Høgskulen har høge ambisjonar og då er det på sin plass med gode lokalar å jobbe i, poengterer Nybø.

Les meir om bygget her

 

Roppen og Nybø
Rektor Jphann Roppen og forskings- og høgare utdanningsminster Iselin Nybø var begge svært nøgde då det vart kjend at mediebygget vert ein realitet.

 

Jobba lenge

Med godkjenninga frå regjeringa fekk Statsbygg, Høgskulen i Volda og entreprenør PEAB/K Nordang godkjenninga dei har venta på. Prosjekt nytt mediebygg ved HVO er no offisielt over i ei ny fase, og bygginga kan starte. 

– Snart veit vi datoen for første spadetak, seier Roppen.

– Vi har jobba med det nye mediebygget vårt i fire-fem år allereie, men no vert det ein realitet – og det vidare arbeidet startar no! Dette skal vi feire, lovar Roppen.

Innhaldsrikt bygg

Bygget skal vere godt tilrettelagt for dei yrkesretta medieutdanningane med mykje praksis, som har vore eit varemerke for HVO gjennom mange år. I tillegg til areal for dei tilsette, skal bygget huse blant anna studio, FutureLab, teiknesalar og redaksjonslokale for praktisk trening i medieyrka.

– Vi vil halde fram med å vere leiande på dei yrkesretta medieutdanningane i Noreg, og i den samanhengen er dette bygget svært viktig for framtida, seier Roppen.

Det nye mediebygget skal huse om lag 550 studentar og 50 tilsette og er på 4000 kvadratmeter. Etter planen skal det stå ferdig i juni 2021. 
 

Del på: