Reidun laga utstilling om Berte Kanutte

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Høgskulen i Volda består av fleire bygg, der fleire er kalla opp etter kjende namn frå Sunnmøre. Ein av dei er Berte Kanutte Aarflot (1795-1859) frå Ørsta. No vert ho heidra med ei utstilling, laga av ei anna kvinne frå Åmdalen.

Berte Kanutte Aarflot er ein kjent og folkekjær haugiansk forfattar, og den mest brukte salmediktararne på 1800-talet før Landstad. Ho gav ut 186 salmar.

Fredag 23. juni klokka 11 vart ein ny monter med ei utstilling om Berte Kanutte avduka. Utstillinga har fått plass ved Studentsørvis, ved innganen til 1. etasje i Berte Kanutte-huset.

Ein tidlegare tilsett ved HVO, Reidun Aambø, førstelektor i norsk og mangeårig leiar for Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar (NIS), står bak designet av monteren.

Helene Nærum Wold og Linnea Lade frå Ørsta vidaregåande skule har bygd monteren. Elevane har studert kulturhistorie og byggeskikk på 17- og 1800-talet som gjeld panel, vindauge, sprosser, måling og beslag.

Aambø har kalla utstillinga «Salmediktar, sjubarnsmor og bonde», og håper utstillinga kastar lys over kvinna bak namnet Berte Kanutte-huset.

Reidun Aambø og rektor Johann Roppen under avdukinga av monteren
Reidun Aambø og rektor Johann Roppen under avdukinga av monteren fredag 23. juni. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.

Under avdukinga heldt Reidun Aambø tale om Berte Kanutte og prosessen knytt til monteren, og rektor Johann Roppen takka for flott arbeid.

Roppen er glad for at Berte Kanutte Aarflot no har vorte meir synleg på Høgskulen i Volda.

– Vi har brukt namnet hennar på Berte Kanutte-huset. Men elles er ho ikkje så synleg på Høgskulen. Det er eit bilde av Berte Kanutte Aarflot på eit rom på biblioteket, men det er vel alt. Men Berte Kanutte Aarflot var ei kvinne som også dagens tilsette og studentar bør kjenne til. Så då Reidun Aambø tok kontakt og ville få lage ei utstilling så var det midt i blinken. Eg vil også rose både initiativet og gjennomføringsevna til Reidun Aambø. Det har gått fort frå ideen kom til skapet er på plass, seier Roppen.

Del på