Rekordstor søking til master i helse- og sosialfag
Høgskulen i Volda registrerer rekordstor søking til masterutdanninga i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering. – Då søknadsfristen var ute hadde vi godt over 40 kvalifiserte søkarar, seier rådgjevar Gunnvor Bakke som minner om at høgskulen har fleire andre masterutdanningar og masteremne som framleis er opne for søking.
Høgskulen i Volda registrerer rekordstor søking til masterutdanninga i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering. – Då søknadsfristen var ute hadde vi godt over 80 kvalifiserte søkarar, seier rådgjevar Gunnvor Bakke som minner om at høgskulen har fleire andre masterutdanningar og masteremne som framleis er opne for søking.
Masterutdanninga i helse- og sosialfag - meistring og myndiggering er retta inn mot sosionomar, barnevernspedagogar og andre innanfor helse- og sosialsektoren. Studiet skal gje kunnskap om korleis ein som sosial- og helsearbeidar kan bidra til at brukarar kan meistre utfordringar i ulike tilstandar og livsfasar.
– Vi har no totalt 86 søkjarar som alt er kvalifiserte eller ligg an til å bli det til dei 40 plassane ved masterutdanninga i helse og sosialfag. Det er dobbelt så mange søkjarar som vi har plassar, seier rådgjevar ved Avdeling for samfunnsfag og historie Gunnvor Bakke
Karriere
– Masterutdanninga har dei siste åra hatt god søknad. Vi trur at noko av populariteten kan forklarast med at mastergraden opnar opp for nye spennande karrierevegar. Vi har søkjarar frå eit breitt spekter av yrke og blant studentane våre finn vi i tillegg til studentar med barnevern og sosionombakgrunn, til dømes sjukepleiarar, jordmødre, fysioterapeutar og folk frå undervisningssektoren, seier rådgjevar Bakke.
Utdanning på alle nivå
Når det gjeld utdanningsløp innan helse- og sosialfag, tilbyr Høgskulen i Volda utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Ph.d.-studiet i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving - vilkår og utvikling tilbyr høgskulen i samarbeid med Høgskulen i Molde. Stein Conradsen får ein heilt spesiell plass i Høgskulen i Volda sine historiebøker då han fredag 19. februar vart den første til å disputere gjennom høgskulens eige doktorgradsprogram.
– Eg vil minne om at vi framleis har ledige plassar ved Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv. Dette er eit masteremne på deltid som passar godt for studentar ved både Master i helse og sosialfag og Master i samfunnsplanlegging og leiing, seier Bakke.
Masterutdanningar - framleis ledige plassar
Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje mastergrader og masteremne. Det er framleis høve til å søkje på masterutdanningane i kulturmøte, barnehagekunnskap, samfunnsplanlegging og leiing, skriftkulturar og erfaringsbasterte masterutdanningar i engelsk, norsk, samfunnsfag og matematikk.
Når det gjeld vidareutdanningar på masternivå er det ledige plassar på Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv, Brennpunkt Midtausten, og Mikrohistorie.
Sjå liste her.
Les også:
Lærar med masterutdanning i kulturmøte
Ingrid Huse, styrar i Harøy barnehage, om master i barnehagekunnskap
30 år med engelsk fagstudium og ny master
Master i skriftkulturar - Ny og unik masterutdanning