Robotbygging på timeplanen 

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

No skal alle barn i grunnskulen lære om programmering. Men då må nesten lærarane lære det fyrst. Høgskulen i Volda samarbeider med partnerskulane om å teste ut undervisningsopplegg og utvikle utdanningstilbod. No er HVO ein av to studiestadar i landet som tilbyr heile løpet i denne vidareutdanninga. 

 

På Velle skule har lærarane fått slå seg laus med både bie-robotar og lego. Skulen har nemleg fått pengar for å investere i teknologi og hjelpemiddel som kan hjelpe dei å integrere programmering og algoritmisk tenking i si eiga undervisning, slik dei nye lærarplanane  legg opp til. 

 

Det at programmering kjem inn i dei nye læreplanane,  gjer at mange lærarar vil trenge opplæring og utdanning. Frå og med hausten 2019 vert Høgskulen i Volda ein av to utdanningsinstitusjonar i landet som tilbyr faget programmering for lærarar som underviser frå 1-10 klasse, gjennom Kompetanse for Kvalitet (KFK). 

 

Vinn-vinn-samarbeid 

Programmering kan vere så mykje forskjellig, og innehalde alt i frå å lage eit programmeringsspråk, til å øve på algoritmisk tenking utan teknologi eller få robotar til å gjere ulike bevegelsar. Derfor er det viktig å kunne prøve ulike tilnærmingar og opplegg. Både i klasseromma, og på vidareutdanninga. 

 

– Det er mange vegar å gå innan programmering, og det finst ingen fasit på kva veg som er best. Kva veg ein skal velje, varierer frå fag til fag, alder og kunnskapsnivået på elevane og læraren som underviser, seier høgskulelektor Kim André Stavenæs Refvik. 

 

Vi har undervist i programmering på ulike nivå i fleire tiår, vi har prøvd ulike metodar i klasseromet for å finne ut kva som fungerer og kva lærarane treng av kunnskap og ferdigheiter når dei skal gjere dette sjølve. Det nye faget er slik sett ikkje noko vi har utvikla  «innelåst på høgskulen», det har skjedd i samarbeid mellom høgskulen og grunnskulane i regionen vår, fortel Torbjørn Frantsen, høgskulelærar i Digital kompetanse, som saman med Refvik har utvikla dei nye KFK-tilboda.  

 

– Vi meiner at det å lære seg programmering ikkje berre avgrensa til inne i datamaskina, men kobla til verda elles gjennom ulike typar utstyr, er ei langt rikare oppleving. Det er langt lettare å tenkje tverrfagleg, og både med tanke på motivasjon og variasjon så ynskjer vi å ikkje vere avgrensa til det folk tradisjonelt tenkjer på som programmering, tekst på skjerm, fortset Frantsen. 

 

Lærar ved Velle skule, Eva Berge, syns det er bra at lærarane no får sjansen til å lære programmering skikkeleg, av nokon som kan det. 

 

– Vi må lære litt i lag med elevane, seier Berge. 

 

Kan brukast i alt frå norsk til naturfag 

– Studiar viser at programmering og algoritmisk tenking betrar problemløysingsferdigheitane til elevar, fortel Refvik. Han skal sjølv undersøke dette nærare i sitt doktorgradsprosjekt.  

 

Programmering er ein metode, og er først eit eige fag som valfag på ungdomsskulen. Målet er å kunne bruke programmering i mange ulike fag, i alt frå norsk til matematikk og naturfag og slik gje elevane ei djupare forståing. Djupnelæring er eit sentralt omgrep i utviklinga i skulen no, og programmering kan hjelpe med dette, avsluttar Refvik som sjølv er lektor i matematikkdidaktikk, og har i fleire år prøvd ut ulike verktøy og opplegg saman med elever i grunnskulen.  

 

Søknadsfrist for kompetanse for kvalitet er 1. mars, les meir her.

Tags

Del på