Samla 120 lærarutdannarar for å løfte i flokk

Denne veka var det fellessamling for Høgskulen i Volda og tre lærarutdanningsskular. Over 120 deltok med mål om å løfte kvaliteten i lærarutdanninga.

Joy Sætre ved Øyra skule under LU-fellessamling ved HVO.

Joy Sætre ved Øyra skule forklarer korleis det blir arbeidd fagleg med nykomne elevar i innføringsgruppe. Foto: Eivind Patrick Hanevik, HVO.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Denne veka var det fellessamling for Høgskulen i Volda og tre lærarutdanningsskular. Over 120 deltok med mål om å løfte kvaliteten i lærarutdanninga.

Måndag 18. mars deltok over 120 lærarutdannarar frå nærområdet til fellessamling for lærarutdanningsskulesamarbeidet ved Høgskulen i Volda (HVO).

I tillegg til HVO kom deltakarane frå Ulstein ungdomsskule i Ulstein, Velle skule i Ørsta, Øyra skule i Volda, som er dei tre lærarutdanningsskulane (LU-skular) som HVO har eit særleg tett samarbeid med.

Vil skape betre samanheng i opplæringa

Gunhild Verås Grimstad ønskjer velkomen til samlinga og informerer om LU-samarbeidet
Gunhild Verås Grimstad, rådgjevar på grunnskulelærarutdanninga ved HVO, ønskjer velkomen til samlinga og informerer om LU-samarbeidet. Foto: Eivind Patrick Hanevik, HVO.

HVO har eit partnarskapssamarbeid med dei tre LU-skulane som var med på samlinga, og hovudmålet for samarbeidet er å løfte kvaliteten i lærarutdanninga.

Tanken er at det tette samarbeidet mellom institusjonane skal gje ei betre kopling mellom det som skjer ute i skulane (praksisfeltet), og det som skjer på høgskulen, og at dette vil skape meir samanheng mellom opplæringa studentane får på dei to arenaene.

Eit prinsipp bak samarbeidet er at det skal vere til gjensidig nytte for alle partane, og at ein gjennom samhandling skaper kunnskap i lag som igjen aukar kvaliteten ved alle institusjonane.

Ida Tufteland og Stine Bratteberg under LU-fellessamling.
Ida Tufteland og Stine Bratteberg fortalde om korleis dei arbeider med å synleggjere og bruke den fleirspråklege kompetansen hos elevane ved Velle skule. Foto: Eivind Patrick Hanevik, HVO.

Både fleirspråkleg undervisning og kunstig intelligens

Under fellessamlinga 18. mars var det lagt opp til stasjonar der samarbeidspartane bidrog med kunnskap om ulike emne. Her delte lærarutdannarane erfaringar frå mellom anna tverrfaglege prosjekt, fleirspråkleg undervisning, trinnsamtalar og bruk av kunstig intelligens (KI) i klasserommet.

Ein av arrangørane av samlinga, rådgjevar Kjersti Markegård ved grunnskulelærarutdanninga på HVO, fortel at faglege påfyll og gode samtalar bidreg til at lærarutdannarar frå fleire skular både får meir ny kunnskap og blir betre kjende:

– Vi senkar terskelen for samarbeid og styrkjer koplinga mellom praksisfeltet og høgskulen, og dermed går vi saman om å løfte kvaliteten i lærarutdanninga i lag!

Del på: