Samla 240 skuleleiarar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

29. og 30. januar var 240 skuleleiarar frå Nordre Sunnmøre samla i Loen for å delta i leiargruppeutvikling, ein læringsprosess som femnar om skulane sitt arbeid med fagfornyinga på skulane.

Viddal
Linda Marie Viddal

Desentralisert kompetanseutvikling (DeKomp) er ei stor og viktig samfunnsoppgåve for Høgskulen i Volda. Arbeidsmåten som vert nytta, er ein samskapt læringsprosess som utfordrar dei tradisjonelle rollene dei tilsette, både ved høgskulen og i praksisfeltet.

– Leiing er å bruke seg sjølv for å utvikle andre. Det er derfor viktig at leiarar utviklar innsikt i korleis dei verkar på andre, og andre verkar på dei, seier Linda Marie Viddal som er fagleg ansvarleg for leiargruppeutviklinga. 

Del på