Seanse lanserer nytt mentorkurs

Vil du utvikle deg som rettleiar på kunstfeltet? Våren 2024 startar kunstproduksjonssenteret Seanse eit nytt og etterspurt mentortilbod i Volda med søknadsfrist 1. mars.

Open scene under kunstnaropphald ved Seanse i 2022.

Marit Ulvund og deltakarar på kunstnaropphald hos Seanse i 2022. Foto: Kristian Glomnes Selon, Seanse.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Vil du utvikle deg som rettleiar på kunstfeltet? Våren 2024 startar kunstproduksjonssenteret Seanse eit nytt og etterspurt mentortilbod i Volda med søknadsfrist 1. mars.

Seanse held til i Henrik Kaarstad-bygget ved Høgskulen i Volda (HVO), men er på eigen kjøl ein nasjonal utviklingsarena for kunstproduksjon innan alle sjangrar, med internasjonalt tilsnitt.

Kristian Glomnes Selon.
Kristian Glomnes Selon. Foto: Seanse.

Denne våren lanserer Seanse eit nytt mentorprogram som dei trur vil få mange positive ringverknader.

Målet er å formidle noko av den kompetansen som Seanses kunstfaglege stab, Karstein Solli og Marit Ulvund, har opparbeidd over mange år. Dette for å styrkje mentorrolla i kunstfeltet, både for enkeltkunstproduksjonar og hos kunstinstitusjonar.

– Dei to har lang fartstid i kunstfeltet med å vere mentor for produksjonar, verkstader, prosjekt og liknande. Mentorprogrammet har vi utvikla for å kunne overføre denne viktige kompetansen til potensielle nye mentorar, fortel produsent Kristian Glomnes Selon i Seanse.

Stor interesse lenge før søknadsfristen 1. mars

Karstein Solli og Marit Ulvund ved Seanse.
Karstein Solli og Marit Ulvund. Foto: Seanse.

Det nye mentorkurset er første steg i å samle ulike erfarne kunstnarar som skal gjennom eit opplegg Seanse kan bruke til vidare eksterne oppdrag nasjonalt og på sikt internasjonalt. Det er sett av mellom fem og sju plassar på det første kurset.

– Vi fekk allereie tidleg i løypa mykje positiv interesse rundt det nye kurset. Tilbakemeldinga frå fleire har vore at dette er noko dei har sakna og ikkje sett før, smiler Glomnes Selon.

Etterspurd kompetanse innan alle kunstuttrykk

Etter mange år med rettleiing og mentorering av kunstproduksjon har Seanse blitt ein viktig bidragsytar til utvikling av kunstproduksjonar, også internasjonalt gjennom nettverket ITAC Collaborative and Conferences, som no har over 5000 medlemer. Seanse var med på å initiere dette gjennom konferansen 1st International Teaching Artist Conference (ITAC1) i 2012.

Seanse tilbyr i tillegg eit attraktivt kunstnaropphald for prosjekt innan alle kunstsjangrar, der dei dekkjer opphald og honorar for kunstnarane – også dette tilbodet har søknadsfrist 1. mars.

– I fjor hadde vi til dømes over hundre søknader til kunstnaropphald hos Seanse – og vi har ikkje sjanse til å ta inn halvparten eingong. Dei fleste søknader inkluderer fleire kunstnarar, så det er tydeleg eit behov for Seanse, fortel senterleiar Marit Ulvund engasjert.

Deltakarane må kunne lytte og undre seg

Kunst og interaksjon.
Seanse sine tilbod er for alle slags kunstuttrykk. Foto: Kristian Glomnes Selon, Seanse.

Senteret, som seinare i år skal markere 20-årsjubileum, har fått ekstra støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune til utviklinga av det nye mentorprogrammet.

Målgruppa for mentorkurset er dei som ønskjer å vidareutvikle seg i rolla som mentor, og som har ein profesjonell kunstnarisk bakgrunn eller praksis som undervisar eller rettleiar frå høgare utdanning, innan alle kunstuttrykk.

– Vi søkjer deltakarar som kan lytte og undre seg over andre sine idear og tema, og som har forståing av ulike målgrupper og kontekstar der kunst skal presenterast, seier Ulvund.

Må skuffe håpefulle i andre land – foreløpig

Seanse opplever at mentorkompetansen det nye tilbodet skal byggje opp, er etterspurd. Ved å utvikle nye mentorar gjennom kurset vil dei også bidra til at fleire med denne spisskompetansen kan ta på seg mentoroppdrag.

– Målet er å skape ein mentor-pool, noko vi lenge har ønskt å få til. Dei som tek kurset, må derfor vere interesserte i å ta på seg oppdrag for Seanse. Slik det er i dag, har vi svært lite kapasitet til å ta på oss oppdrag i tillegg til aktivitetar, forsking og alt anna vi gjer, fortel Ulvund.

Kor unikt er dette mentortilbodet Seanse har bygd opp?

– Vi veit ikkje om andre som gjer dette. Fleire av førespurnadene om kurset har også kome frå USA og andre land, men foreløpig må vi skuffe dei med at vi berre har kapasitet til å gjere dette på norsk, seier Ulvund.

– På sikt ønskjer vi også å kunne tilby ein internasjonal versjon av mentorkurset, og då veit vi at interessa og relevansen allereie er der, avsluttar Glomnes Selon.

Karstein Solli i Seanse.
Det er internasjonal interesse for tilboda til Seanse innan kunstproduksjon. Foto: Kristian Glomnes Selon, Seanse.

Del på: