Semesterregistrer deg for våren 2024 no!
Frå 12. desember kan du semesterregistrere deg ved Høgskulen i Volda, og det er lurt å ikkje vente.

Studentlivet i Volda er magisk året rundt!
Frå 12. desember kan du registrere deg for vårsemesteret 2024. Det er smart å gjere det tidleg – då går du ikkje glipp av noko viktig eller nødvendig i starten av semesteret.
Både nye og «gamle» studentar må registrere seg kvart semester. Dette gir deg mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og gjer det mogleg å få lån og stipend frå Lånekassen.
Spørsmål? Studentsørvis kan hjelpe
Skulle det vere noko du lurer på eller ikkje får til, kan du få hjelp av dei trivelege folka på Studentsørvis – send ein e-post til studentsorvis@hivolda.no eller ring 70 07 50 18, så er du i gode hender.
Vi gler oss til 2024 saman med deg på Høgskulen i Volda!