Slik blir HVO-styret 2023-2027

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Kunnskapsdepartementet har utpeika eksterne styremedlemmar og varamedlemmar ved Høgskulen i Volda (HVO), og no er Høgskulestyret for perioden 1. august 2023 - 31. juli 2027 komplett.

Kunnskapsdepartementet har utpeika desse medlemmane:

  • Roar Tobro (1959), Ålesund. Seniorrådgjevar i rektor sin stab ved NTNU. Han har site i Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda sidan 2019.
  • Kjersti Kleven (1967), Ulsteinvik. Dagleg leiar i Skaparhuset.
  • Rasmus Stokke (1953), Kaupanger. Førsteamanuensis emeritus ved Høgskulen på Vestlandet.
  • Shazia Majid (1974), Oslo. Journalist i VG.

Kunnskapsdepartementet har også utpeika to varamedlemmar:

  • Mala Wang-Naveen (1976), Oslo. Kommunikasjonssjef i SINTEF.
  • Lars Anders Kulbranstad (1948), Hamar. Professor emeritus og forskingsleiar ved Høgskolen i Innlandet (HiNN).

Tidlegare i år vart det også valt tilsettrepresentantar til Høgskulestyret. Desse er:

Varamedlemmane for desse er:

Frå 1. august er det også ny rektor Odd Helge Mjellem Tonheim som skal vere styreleiar i Høgskulestyret, og ny prorektor Eirik Søvik som skal vere vararepresentant for styreleiaren.

I løpet av september/oktober 2023 skal studentane ved HVO velje fram to studentrepresentantar. Studentane Irmelin Johanne Angell Losvik og Mats Ekeberg sit fram til nye representantar er valde.

Les meir om Høgskulestyret her!

Del på