Smittevern: Råd for juleferie og studiestart 2021

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Karantenehotell for nye utanlandsstudentar, testing ved retur til Volda, digital samlingar og eksamen er nokre av tiltaka som skal vere med på å gjere studiestarten og vårsemesteret så Covid-19-trygg som råd. Samstundes oppmodar kriseleiinga ved høgskulen studentar og tilsette om å sette seg inn i lokale og nasjonale råd for jul og heimreise. 

4. januar startar eit nytt semester ved Høgskulen i Volda (HVO), og fokuset på smittevern er høgt. Det er vedteke ei rekke tiltak for både eksisterande studentar og tilsette, samt nye studentar som inkluderer utanlandsstudentar på innveksling. 

Nasjonale og regionale juleråd

I tillegg til nasjonale retningslinjer for julefeiringa, har Volda kommune kome med eigne råd til alle som kjem heim til jul, samt dei som skal reise ut og kome attende. Dei oppmodar mellom anna til å ta ein Korona-test. Denne kan du bestille anten via Korona-telefonen til Volda Kommune 700 58 960 eller på nett: http://helseboka.app/b/s/189947 
Kommunen vil bidra til å legge til rette for studentar og andre som har vanskar med å kome seg til teststasjonen i Hovdebygda. 

Sjå alle råda frå Volda kommune.

– Hugs smittevernrettleiar og karantene etter testing!

Kriseleiinga vil nok ein gong nytte høvet til å oppmode alle om å følgje med på og sette seg inn i nasjonale og regionale råd. Smittevernrettleiaren til Høgskulen i Volda finn du på Korona-sidene våre, ilag med ei oppsummering av ulike, daglege tiltak som reinhald og desinfisering. Der finn du også kontaktinformasjon til gode rådgjevarar om du treng nokon å snakke med, og oversyn over kjelder til Covid-19-informasjon. 

– Hugs at du er i karantene medan du ventar på svar på testar. Går du glipp av obligatorisk undervisning som følge av dette eller anna Covid-19-relaterte høve, kan du få fritak, minner direktør og kriseleiar Karen Lomeland Jacobsen om. 

Høgskulen har vedteke ei mellombels forskrift som styrker studentane sine rettar knytt til Korona-relatert fråvær i samband med obligatorisk frammøte, eksamen og arbeidskrav. Studentar som har fråvær i samband med korona, til dømes symptom, karantene eller ventar på svar på test skal ikkje møte på høgskulen, men vil få dispensasjon frå frammøtekravet for det koronarelaterte fråværet etter søknad. Søknad sendast dekan når ein ser det samla fråværet for semesteret.  

Digital start på året for samlingsstudentane

No i slutten av 2020 var alle skriftlege skuleeksamenar digitale. Når det gjeld samlingsbasert undervising vart fysisk oppmøte i stor grad erstatta med digitale alternativ, for å minke ned på tilreisande frå utanfor Sunnmøre. 

Kriseleiinga har vedteke å halde på digitale alternativ i 2021. Alle skriftlege skuleeksamenar vert digitale i vårsemesteret, medan samlingane i første omgang vert halde digitalt i starten av året: 

– Som hovudregel held vi fram med digital undervisning på alle samlingsbaserte studiar i januar og februar. Det kan verte enkelte unnatak, til dømes på profesjonsutdanningane, og vi vil ta ei ny vurdering for vidare samlingar i semesteret på eit seinare tidspunkt, seier Lomeland Jacobsen. 
Bakgrunna for at kriseleiinga tok denne avgjerda før jul, var ønsket om å gi alle ein mest mogleg forutsigbar start på året. 

Les meir om dette på HVO sine Korona-sider for eksamen, undervisning og frammøte.

Karantenehotell og testing for utanlandsstudentar

Når det gjeld innvekslande studentar frå utlandet, vil det kome færre enn det vanleg i 2021. 40 studentar frå EU/EØS-området kjem til Volda. Desse vil i tråd med nasjonalt regelverk for innreise i Noreg gjennomføre både karantene og Covid-19-test, noko HVO vil dekke. Internasjonalt kontor ved høgskulen held tett kontakt med og følgjer opp både eksisterande utanlandsstudentar og dei nye som kjem i 2021. 

Elles for vårsemesteret har kriseleiinga ved HVO avlyst alle studieturar, feltarbeid eller praksisopphald i utlandet. 

Les meir om dette på HVO sine Korona-sider for reiser, utveksling og karantene

Del på