Søk utveksling før 1. oktober
I haust har Høgskulen i Volda (HVO) mange studentar på utveksling rundt om i verda, fortrinnsvis innanfor Europa. No nærmar fristen seg for å søke om utveksling for vårsemesteret 2022.
Interessert i å studere i utlandet til våren? Hugs å søk om utveksling før 1. oktober!
I haust har Høgskulen i Volda (HVO) mange studentar på utveksling rundt om i verda, fortrinnsvis innanfor Europa. No nærmar fristen seg for å søke om utveksling for vårsemesteret 2022.
HVO ønsker å leggje til rette for utveksling så sant våre samarbeidspartnarar tek imot utvekslingsstudentar dette skuleåret.
- Ei unik moglegheit
Å reise på utveksling gir ei unik moglegheit til å bu ein lengre periode i utlandet, og til å fordjupe seg innanfor eit fagområde. Ofte kan våre avtalepartnarar tilby fag som ikkje er tilgjengelege her i Volda.
– Vi håper at situasjonen i verda går i rett retning utover hausten slik at utveksling vert endå meir aktuelt enn det har vore sidan nedstenginga i mars i fjor. Interessen rundt utlandsstudiar er stor, så det er nok mange som har lyst å reise til utlandet igjen, seier rådgjevar Joakim Rødven på Internasjonalt kontor.
Sjølv om det kan sjå lysare ut for utveksling i vår, rådar Internasjonalt kontor framleis alle som søkjer om utveksling til å ha ein plan B i bakhand i Volda.
Velg millom mange institusjonar og land
HVO har samarbeidsavtalar med meir enn 100 institusjonar fordelt på om lag 40 land rundt om i verda. Avhengig av kva studie du tek, kan du som student ved HVO velje mellom mange universitet i Danmark, Storbritannia, Hellas, Japan, USA og ei rekkje andre land.
Våre partnaruniversitet i Australia og New Zealand har stadfesta at dei ikkje tek imot studentar vårsemesteret 2022, men det er framleis mange attraktive avtalar innanfor Europa og USA.
Hjelp til søknad
Dersom du ikkje er heilt sikker på om du vil reise ut, eller kanskje ikkje har bestemt kvar du vil reise, kan du lese meir om utveksling ved HVO her.
Hugs søknadsfrist 1. oktober!
Internasjonalt kontor vil sjølvsagt hjelpe til med søknadsprosessen. Du kan også bestille rettleiingstime hos internasjonalt kontor for råd i samband med søknaden din.