Søk vidareutdanning no

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

No kan du søkje opptak til ei rekkje studium med oppstart hausten 2020. Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje fleksible studietilbod på nett og deltid som møter kunnskaps- og kompetansebehov på fleire sentrale samfunnsområde.

Livslang læring

Endringar i arbeids- og samfunnslivet skaper eit behov for fagleg oppdatering gjennom heile yrkeskarrieren.Høgskulen i Volda (HVO) jobbar med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring.

Søk no

Fleksible studieformer på nett og på deltid med samlingar, gjer det mogleg for deg å kombinere studium og med arbeid eller andre aktivitetar.

SJÅ LEDIGE STUDIUM HER

Teknologi og organisering

HVO har lagt ned store ressursar i å utvikle infrastruktur og kapasitet til å tilby studietilbod der all undervisning skjer over nettet. Med om lag 1000 nettstudentar er Høgskulen i Volda blant landets største tilbydarar av nettstudium. Eit eige studio er sett opp for å lage undervisningsvideoar.

Ein ny milepåle vart nådd då styret ved HVO nyleg godkjente eit nytt nettbasert bachelorprogram i historie, det første av sitt slag i Noreg.

PC deltid
Over 1000 studentar ved HVO er knytt til reine nettstudium.

Fagområde

Høgskulen i Volda tilbyr nokre av landets fremste medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar med eit breitt vidareutdanningstilbod for lærarar.

Andre sentrale utdanningsområde er administrasjon, planlegging og leiing, estetiske fag, kunst- og musikkfag, helse- og sosialfag, historie og religion, idrett og friluftsliv, språk og litteratur.

Del på