Søkjer deltakarar til språkforskingsprosjekt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Forskarar frå HVO og UiT – Norges arktiske universitet leitar etter deltakarar til eit språkforskingsprosjekt på Høgskulen i Volda. 

Dette prosjektet – utført både i Volda og Tromsø – undersøkjer korleis hjernen handterer grammatikk i ulike språkformer ved bruk av elektroencefalogram (EEG) og registrering av hjernebølgjer.

Er du over 18 år og født og oppvaksen i ein av sunnmørskommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Herøy, Ulstein, Hareid, Sande Sykkylven eller Stranda? Då kan du bli med på dette spennande eksperimentet (påmelding med timebestilling: https://tinyurl.com/voldaEEG) og få eit Universal gåvekort til ein verdi av 400 kr. 

Bilektalisme og fleirspråklegheit

Undersøkinga er leidd av Jade Sandstedt ved Institutt for språk og litteratur ved HVO og Maki Kubota ved Institutt ved språk og kultur ved UiT – Noregs arktiske universitet. Prosjektet undersøkjer bilektalisme – der personar (bilektalar) brukar eller er i kontakt med fleire dialektar og/eller ulike målformer av same skriftspråk, slik som t.d. nynorsk og bokmål.

I Noreg er slike bilektale kontekstar svært vanlege. Dei fleste har mykje eksponering for andre dialektar, og på Sunnmøre møter ein jamleg nynorsk, bokmål og kanskje til og med dialektskriving i dagleg skriftleg kommunikasjon. Forskarar veit likevel lite om korleis hjernen taklar denne utbreidde bilektalismen og dei kognitive effektane av han.

I kva grad utviklar me særskilde mentale grammatikkar for andre norske dialektar og/eller målformer som me er jamleg eksponert for? Korleis er bilektalisme annleis frå andre former for fleirspråklegheit? Til dømes legg regelmessig bruk av både nynorsk og bokmål til rette for same type språklæring og har dette liknande kognitive effektar som regelmessig bruk av to heilt ulike språk, slik som t.d. norsk og engelsk?

Språkforskingsprosjekt
Førebuing av elektrodane i ei EEG-hette før hjerneanalysen.

I denne undersøkinga vil forskarane studere dei nevrokognitive aspekta av bilektalisme ved analyse av hjerneaktivitet under språkprosessering. Forskarane gjer dette ved bruk av ein teknikk kjend som elektroencefalografi (EEG) som tek opp elektriske impulsar genererte i hjernen.

– Det er verken skummelt eller vanskeleg. Som deltakar vil du få ei hette med nokre elektrodar på hovudet medan du les ein del enkle setningar på ein skjerm, seier forskingsleiar og førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, Jade Sandstedt.

Ved å undersøkje korleis hjernen handterer ulike typar grammatiske mønster i ulike språkformer, søkjer forskarane å betre forstå korleis hjernen reagerer på og endrar seg som effekt av utbreidd språkleg variasjon i nærskylde dialektar og/eller målformer.

Delta i prosjektet

For å få svar på spørsmåla ovanfor, treng forskarane deltakarar som er over 18 år og som er fødde og oppvaksne i ein av følgjande sunnmørskommunar: Volda, Ørsta, Vanylven, Herøy, Ulstein, Hareid, Sande Sykkylven eller Stranda.

Deltaking i prosjektet inneber å fylle ut nokre korte spørjeskjema om språkbakgrunnen din før du deltek i eit EEG-eksperiment (1–1,5 timar til saman).

Har du lyst til å bidra til dette spennande prosjektet, kan du bestille time på følgjande lenke: https://tinyurl.com/voldaEEG.

Har du spørsmål om prosjektet, ta kontakt med forskingsleiar Jade Sandstedt (jade.jorgen.sandstedt@hivolda.no).
 

Del på