Sosialfaga i Volda - eit tilbakeblikk

Tekst: Per Arne Brandal

Sosialfag feirar 50 år med ein jubileumskonferanse 31. mars og 1. april. – Eit studium i organisasjons- og velferdsarbeid som starta opp i 1971 var kimen til det vi feirar i år. Men det kunne fort ha gått rett gale, seier professor Kåre Heggen som her gir oss eit innblikk i den spennande historia til sosialfaga i Volda.

Konferansen

Jubileumskonferansen blir arrangert i Volda torsdag 31. mars og fredag 1. april 2022. Den første dagen vil Kåre Heggen, Hallgerd Conradi, Gunnar Stave og Tor-Johan Ekeland fortelje historia om sosialfagutdanningane i Volda. På den andre konferansedagen blir det sett fokus på utfordringar for sosialt arbeid i m.a. barnevernet, NAV, psykisk helsearbeid og arbeidet med minoritetar. Her blir det innleiingar av sentrale fagfolk som Kari Killén, Ingerid Aamodt, Lars Inge Terum og Marianne Rugkaasa.

Eit tilbakeblikk

Opprettinga av distriktshøgskular (DH-skular) i Noreg rundt 1970 var ein utdanningsrevolusjon og styrka tilbodet om høgre utdanning i distrikta. Volda fekk ein av dei første DH-skulane, og i 1971 vart 13 studentar tekne opp til det 2-årig studiet i Organisasjons- og velferdsarbeid, allmenn line. Studiet skulle gi studentane kompetanse i miljøarbeid, fritids- og velferdsarbeid i institusjonar, rådgjevingsarbeid, men også meir administrative oppgåver i organisasjonar.

Kåre Heggen 2022
Professor Kåre Heggen har spelt ei svært viktig rolle for det sosialfaglege miljøet frå tidleg på 1970-talet fram til i dag.

Pioner og strateg

Professor Kåre Heggen er ein av pionerane ved Høgskulen i Volda, og han har spelt ei svært viktig rolle for det sosialfaglege miljøet frå tidleg på 1970-talet fram til i dag. Han har ein stor fagleg produksjon, både i lærebøker, fagtidsskrift og fagbøker. Siste åra har han primært bidratt på mastergraden i "Meistring og myndiggjering" og ph.d. i "Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving - vilkår og utvikling", samt i forskingsarbeid.

Ung KH
Ein ung Kåre Heggen. På eit tidspunkt var studentane i gjennomsnitt eit halvt år eldre enn lærarane.

 

Til Volda

– Hausten 1972 arbeidde eg med avsluttande hovudfagsavhandling i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, og hadde professor Edvard Befring som rettleiar. Han var involvert i det såkalla «Regjeringens ungdomsutval» som skulle greie ut situasjonen for ungdom i Noreg. Eit delprosjekt skulle studere ungdom i Ørskog kommune. Befring vitja DH-skulen i Volda før jul i 1972, og eg vart, truleg som ein følgje av dette besøket, spurt om leie ungdomsundersøkinga i dåverande Ørskog kommune. Då fekk eg med meg heile 1972-kullet og delar av 1971-kullet ved Organisasjons- og velferdsstudiet til ei vekes intervjuarbeid tidleg i 1973. Slik vart det til at eg enda opp her. Det er ofte tilfeldigheiter som styrer slike ting, fortel Heggen.

Kimen

Ottosen-komiteen, med fem innstillingar på slutten av 60-talet, la grunnlaget for eit moderne masseutdanningssystem i Noreg. Det førte til at Stortinget i 1968 oppretta distriktshøgskulane.
 
– Ein distriktspolitisk trend kravde at nokre av dei nye høgskulane måtte liggje i bygdemiljø. Då det vart klart at Volda skulle få ein av høgskulane, samla sentrale skule- og kulturfolk frå området seg for å planlegge nye studietilbod med distriktsprofil. Norsk grunnfag, med særleg vekt på nynorsk, kom først i gang. Så kom tilbod i lokalhistorie, lokalsamfunnsstudiar, tysk, som var viktig for den sunnmørske industrien, og media med særleg vekt på lokaljournalistikk. Med støtte frå det sunnmørske organisasjonslivet, og ikkje minst frå professor Svein Meldal Kile ved Universitetet i Bergen, fekk ein også på lufta eit studium i organisasjons- og velferdsarbeid. I starten med ei teologisk line retta mot kristelege organisasjonar og kyrkjelydar, og ei allmenn line for dei meir verdsleg orienterte. Det sistnemnde tilbodet blei kimen til det vi skal feire no. Det første kullet med 13 studentar vart tekne opp hausten 1971.

Ein vanskeleg start og trussel om rettssak

I tillegg til å vere leiar av Ørskog-prosjektet, vart Heggen også trekt inn som lærar og aktør i studieplanarbeidet. Planane for studiet i velferd- og organisasjon, allmenn line, vitna om nokså vide ambisjonar. Studiet skulle kvalifisere for miljø- og velferdsarbeid i institusjonar, rådgjeving i skulen, organisasjonsarbeid i frivillige organisasjonar, idrett og til og med for ymse funksjonar i handelsflåte og forsvar.

Sosfag sprik
Det var harde drakampar om val av retning.

– Det vart gitt eit vidt spekter av utsikter, og det vart skapt forventningar som ein ikkje kunne innfri. Det var også knapt med lærarar. Ein lånte fagfolk frå mediefag, lokalsamfunnsstudiet og lærarskulen. Mange studentar var frustrerte, ikkje minst på 1971-kullet. Der kunne det ha gått heilt gale. Nokre snakka om å gå til rettssak. Eg tok i denne nokså kaotiske situasjonen kontakt med ein god studiekamerat frå Blindern, Einar Amundsen, som då heldt på å avslutte sitt embetsstudium. Nærast på dagen kom han til Volda, tok inn på Svendsen hotell og gjorde ein heltemodig innsats med undervisning i psykisk  helsearbeid nesten kvar dag heile resten av vårsemesteret. Takk Einar!

Viktig vegval – sosialfagfløya vinn fram

Dei nokså sprikande lovnadene i studieplanen skapte store diskusjonar i fagmiljøet og på linjemøta.

– Særleg 1972-kullet  vart sitjande i timar og dagar å diskutere. Utfordringa var at ein sterk del av klassen orienterte seg mot miljø- og velferdsarbeid medan ein nesten like stor del retta seg inn mot organisasjonsarbeid og leiarutvikling, ikkje minst innan idrett.

Linjemøtedebattane førte fram til at sosialfagfløya vann fram og det vart laga ny studieplan for eit 2-årig studium i sosialpedagogikk frå og med opptaket av nye studentar hausten 1973.

Sosped
Det vart laga ny studieplan for eit 2-årig studium i sosialpedagogikk frå og med opptaket av nye studentar hausten 1973.

– Vi hadde også fått nokre eigne lærarar, m.a. sosiologen Kjell Gjerseth og psykologen Bjarte Rekdal. Fagleg sett, meinte vi lærarane, at det fungerte betre. Mange studentar var svært aktive og konkluderte med at dei hadde bra fagleg utbytte, seier Heggen.

Krav om formell kompetanse og likeverd

– Det som likevel kom til å prege åra framover på 70-talet, var problema med å oppnå formell kompetanse og å få utdanninga godkjend som del av vidare universitetsstudium. Vi fekk mange tilbakemeldingar frå kandidatane om desse problema, seier Heggen.

Heggen fortel at ein i desse åra hadde mange møte med Kyrkje- og undervisningsdepartementet (KUD), særleg byråsjef Kari Østvedt. Ho jobba for at utdanninga i Volda skulle oppnå nødvendig formell kompetanse, både yrkeskompetanse og innpassing i høve andre høgskular og universitet.

Nye planar og motkrefter

– Vi kom til at vi måtte utvikle eit studietilbod som formelt sett var likeverdig med dei etablerte sosialskulane. I 1976-77 vart det sett ned ei gruppe med tilsette, studentar og tidlegare studentar. Med Bjarte Rekdal og meg som leiarar laga vi ein plan for å gjere det 2-årige studiet om til ei 3-årig sosionomutdanning. Innstillinga vart lagt fram for DH-leiinga i august 1977 og sendt vidare til departementet. Vi fekk straks motbør. Norsk Sosialarbeidarforbund (NOSO) i Møre og Romsdal meinte at sosionomutdanning skulle skje ved eigne sosialskular, ikkje i «student-ghettoen i Volda». Men jobbinga inn mot KUD førte fram, og departementet innstilte på godkjenning overfor Stortinget. Men så kom nedturen. Ikkje berre NOSO i vårt fylke, men også politikarar i nabofylket Sogn og Fjordane reagerte. Det vart mellom anna brukt som argument at Møre og Romsdal allereie hadde lærarskule og to distriktshøgskular medan Sogn og Fjordane ikkje hadde noko. Stortinget snudde, og vedtok å opprette sosialskule i Florø der psykolog Åge Steinset blei tilsett som rektor for ein høgskule som aldri kom.

Voldastudentar 1971
Norsk Sosialarbeidarforbund (NOSO) i Møre og Romsdal meinte at sosionomutdanning skulle skje ved eigne sosialskular, ikkje i «student-ghettoen i Volda». Her ser vi studentar kreve nynorske lærebøker i 1971.

Krise og splid

– I Volda var sjølvsagt nedturen stor. I gangane gjekk rykta om kollegaer som hadde sagt ting som «berre send desse radikale sosialfaglærarane til Florø». Det skjedde ikkje, men i staden oppstod den største usemja eg kan minnast gjennom mine snart 50 år ved sosialfag. Nokre kollegaer ville at vi skulle utvikle eit studium der studenten kunne starte med eit grunnfag i samfunnsfag, velje ei 1-årig påbygging med miljøterapi, for så å kunne byggje vidare ut med andre vidareutdanningar. Delar av leiinga ved DH støtta opp om dette. Nokre av oss andre var kritiske til modellen. På bakgrunn av erfaringar vi hadde gjort gjennom nesten 10 år var vi redde for at ein slik modell ville føre oss ut i same ørkenvandringa som tidlegare.

Landets første 3-årige barnevernspedagogutdanning

– Vi ville arbeide for ei 3-årig heilskapleg sosialarbeidarutdanning som kunne likestillast med dei etablerte, seier professor Kåre Heggen.

Fleire melde seg på for å støtte opp under denne linja. Studentorganisasjonen SPIO (Sosialpedagogisk Interesseorganisasjon) var blitt oppretta for å støtte kompetansearbeidet.

– Hans Kristian Henriksen, Bitten Haavik og Arne T. Bie var viktige leiarar i SPIO. På vårparten i 1980 vart det kalla inn til eit stort SPIO-møte i Volda. Tidlegare studentar kom frå fjernt og nært. Byråsjef i KUD Kari Østvedt sende ein av sine konsulentar til Volda for å følgje med på diskusjonane. Møtet konkluderte klart med å gå inn for 3-årig heilskapleg modell.

Seinare vart vedtaket også støtta av DH-studentenes Landsforbund på eit styremøte i Stavanger i april same år.

– Den 20. mai i 1980 kom brevet frå KUD der det vart klart at Volda fekk starte landets første 3-årige barnevernsutdanning. Det vart også gjort klart at tidlegare kandidatar kunne godkjennast som barnevernspedagogar. Då studiet kom i gang i 1981, var det stort sett i samsvar med den planen som vi laga for ei 3-årig sosionomutdanning. Dette var nok kimen til den såkalla «Volda-modellen», prega av det tette samarbeidet og felles innhald mellom barnevernsstudiet og sosionomutdanninga, som kom nesten ti år etter.

Dette kan ein lese meir om i Heggen sitt notat "Sosialarbeidarutdanning i Volda: Frå ein vaklande start i 1971 til eit av dei største utdanningsmiljøa ved Høgskulen i Volda i 2017. Eit innsideblikk."

Les også intervju med professor Tor-Johan Ekeland.

Tilsette sosfag
På tur til London i 1994. Frå venstre: Lars Jørgen Vik, Sveinung Vaage, Jacob Kjøde jr, Jan Einar  Flø og instituttleiar Gunnar Stave.

Vekst og tilbakeblikk

Trass ein vanskeleg start for 50 år sidan og fare for fullstendig kollaps på slutten av 70-talet, har det sosialfaglege miljøet vakse til å bli eitt av dei største fagmiljøa ved Høgskulen i Volda. I 1991 fekk ein 3-årig sosionomutdanning. I 2008 utvikla fagmiljøet eit masterstudium i sosial- og helsearbeid og frå 2015 har ein hatt ei ph.d.-utdanning i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde. Utviklinga er eit uttrykk for eit svært godt kollegialt samarbeid som har prega instituttet, seier Heggen.
 
– Når eg ser attende so må eg seie at 70-talet var ei veldig spennande og lærerik tid. Eg tenkjer spesielt på debattane og engasjementet rundt dette med kva kompetanse studentane skulle få etter dei var ferdige med studiet i Volda. For det andre vart eg veldig god ven med mange av studentane, fleire, blant andre professor Lars Inge Terum ved OsloMet som eg også har hatt eit svært godt fagleg samarbeid med i alle år sidan. For det tredje vil eg trekkje fram gleda ved at vi har klart å utvikle ein mastergrad og ph.d.-studiet i fellesskap. Alt i alt eit synest eg at eg har hatt eit veldig spennande karriereløp som spring ut frå dei første hektiske og utfordrande åra ved distriktshøgskulen i Volda.

Del på