Stabilt studiebarometer for HVO

Tekst: Per Straume

Tilbakemeldingane frå studentane ved Høgskulen i Volda held fram med å ligge på eit jamt godt nivå i studentundersøkinga Studiebarometeret. På Avdeling for kulturfag jubla dei ekstra høgt for svært gode tal.

Torsdag vart resultata frå Studiebarometeret 2020 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

På spørsmål om den generelle tilfredsheita ved Høgskulen i Volda (HVO) gir studentane karakteren 3,9 der 5 er høgst. Det er på linje med det nasjonale gjennomsnittet som er 4,0.

– Vi er generelt sett nøgde med resultatet. Vi scorar bra på mykje, og så er det sjølvsagt også forbetringspotensiale. Vi jobbar godt med tilbakemeldingane vi får gjennom Studiebarometeret og tar det inn som ein del av det kontinuerlege kvalitetsarbeidet vårt, seier Johann Roppen, rektor ved HVO.

Kanontal for kulturfaga

Mange gliste bredt på Avdeling for kulturfag (AKF) då tala var presentert. Brorparten av utdanningane deira opplevde ei kraftig auke i karakteren dei har fått frå studentane sine og scorar høgt.

Teater og drama oppnår knallsterke 4,8 av 5 på generell tilfredsheit. Dei får følgje av design, kunst og handverk (4,5), friluftsliv og naturguide (4,4), idrett og kroppsøving (4,2) og musikk (3,9). 
Unni Hagen, dekan ved AKF, peiker på at studentane deira er fortruleg med systematiske tilbakemeldingar, som dei også har etter at kvar emnemodul er avslutta.  

– Studentane våre har høg bevisstheit om at studentmedverknad er eit viktig ledd i kvalitetssikringa og vidareutviklinga av det studiet dei går på. I tillegg er det etablert ein studiekultur ved AKF, der studieprogramleiarar, emneansvarlege og timelærarar gir tett oppfølging av enkeltstudentar. Det er lav terskel for å be om, og å bli kalla inn til ei samtale, fortel Hagen, før ho held fram:

–  Som dekan vil eg også legge til at AKF har dyktige og oppdaterte faglærarar som prioriterer forskingsbasert undervisning og individuell rettleiing svært høgt. På ein dag som denne er det all grunn til å vere stolt over det positive studiemiljøet på avdelinga. Ein open og ærleg tilbakemeldingskultur, der både studentar og tilsette opplever stor nok takhøgde for å ytre seg fritt, er ferskvare og må pleiast med stor omhug.  

Animasjon høgt oppe

Elles var det også svært gledelege tal for den internasjonalt anerkjende animasjonsutdanninga ved HVO som oppnådde karakteren 4,8, ein oppgang på 0,3 poeng. 
Eit anna godt eksempel på oppgang er PR, kommunikasjon og media som stig 0,9 poeng til 4,3.

– Det er ei utdanning der eg veit det er gjort ein del endringar etter tilbakemeldingar frå Studiebarometeret – og då er det gledeleg og sjå at det gir positivt resultat, kommenterer Roppen.

Påverka av korona

Studentane som svara på Studiebarometeret fekk ei rekke spørsmål om koronasituasjonen og om det har påverka studiekvardagen deira. 

Resultata viser at studentane føretrekk fysisk undervisning. – Heldigvis har vi i Volda hatt moglegheit til å gi ein god del fysisk undervisning gjennom denne perioden, seier rektor Roppen.

Studentane gir også uttrykk for at dei saknar det sosiale studentmiljøet.

Allereie tatt tak

Grunnskulelærarstudentane har ting dei er godt nøgde med og noko dei er mindre nøgde med. Både Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn går ned 0,5 poeng og oppnår høvesvis 3,5 poeng og 3,1 poeng.

Grunnskulelærarstudentane svarar blant anna at dei er meir nøgd med både undervisning, fagleg og sosialt læringsmiljø og tilbakemeldingar og rettleiing enn året før. Dei er mindre nøgd med organisering.  

– Vi er sjølvsagt ikkje nøgde med ein nedgang, men vi er klar over kva dette handlar om, og har allereie tatt tak i tilbakemeldingane. Organisering rundt studiet er noko vi lettare kan endre på enn til dømes det faglege og sosiale læringsmiljøet, så eg er veldig glad for å sjå at studentane våre er meir nøgde med både undervisning og korleis dei har det i klassen, seier Arne Myklebust, dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
 

Del på