Stor søknadsvekst for mediefag i Volda

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Steinar Høydal/HVO

- Oppdatert

Journalistikk og medieproduksjon er av dei mest populære studietilboda i Volda, viser tala frå Samordna opptak. Også populære studium som friluftsliv og sosialfag har høge søkartal. 

Søkartala frå Samordna opptak er klare, og etter fire år med auke for Høgskulen i Volda (HVO) vart det ein liten nedgang samanlikna med fjoråret på 4,6 prosent, tilsvarande 68 søkarar. 1413 søkarar har Høgskulen i Volda som førsteval. Det tilsvarer om lag 1,8 søkarar per studieplass, og er på same nivå som HVO har vore dei siste åra. 

Inkluderer vi det lokale opptaket med ei rekke masterstudium, nettstudium og vidareutdanningstilbod, er der ei auke på om lag 6 prosent i skrivande stund. Då ender høgskulen med ei lita auke i søkarmassen for studieåret 2021/22.

- Vi er glade for at søkartala våre ligg på eit så høgt, stabilt nivå, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Han peiker på at HVO sine resultat samsvarer godt med resultata nasjonalt når det kjem til opp- og nedgang i søkarar: - Mediefag er blant dei mest populære fagområda, medan lærarutdanningane diverre har nedgang. Slik er biletet også hos oss, seier Roppen.


Jubel for mediefag

For 50-årsjubilanten mediefag er søkartala frå Samordna opptak nemleg kjekk lesnad, med god vekst for andre år på rad. Frå i fjor har talet på søkarar auka med 12 prosent. Særskilt medieproduksjon og journalistikk er populære val, der førstnevnte har 47 prosent auke mot i fjor. Ikkje sidan 2012 har journalistikk hatt eit så høgt søkartal. Også nasjonalt er mediefag eit område det er stor interesse for.

- Det er særs kjekt å sjå dei høge søkartala til mediefaga våre, også i år. Vi har gledd oss til å flytte inn i nytt mediehus til hausten og feire 50 år med medieutdanning, og det ser ut til at søkarane deler den entusiasmen, smiler Roppen.  


Nedgang for lærarutdanningane

Det området som skil seg negativt ut i år, er lærarutdanningane. Der gjekk HVO «mot straumen» nasjonalt i fjor med ein oppgang. Det biletet er endra i år, og fyl ein nasjonal nedgang i søkarar til mastergrada i grunnskulelærarutdanning. Nedgang er det også for PPU-utdanningane og for barnehagelærarutdanninga. 

- Dette er vi sjølvsagt skuffa over, kommenterer Roppen. - I fjor var vi glade for å representere oppgangen, men i år må vi konstatere at lærarstudentane vert færre. Det er vanskeleg å seie kva dette skuldast. Vi kan spekulere i at yrker som lærar og barnehagelærar kan ha hatt negativ effekt av pandemien, både for dei som går i jobb og dei som skal studere og vere i praksis. Samstundes har den nasjonale trenden diverre vore negativ nokre år. Det blir garantert eit tema i utdanningssektoren framover, korleis vi kan gjere desse studia meir attraktive, seier Volda-rektoren. 


Stabilt høge tal

Sosialfaga i Volda bruker historisk sett å ha lange ventelister. Det same gjeld friluftsliv, der Volda nærast årleg ligg på topplistene over flest søkarar per studieplass. Slik ser det også ut til å bli i år, skal ein lese av søkartala, som ligg på same nivå som tidlegare år. Stabile er også søkartala på religion, historiefag og planlegging og administrasjon, språkfag, praktiske og estetiske fag.

Stabilt høge er også søkartala til høgare utdanning generelt. Totalt har 154.000 søkt om studieplass, ei auke på 2,2 prosent samanlikna med i fjor. Tala frå Samordna opptak viser at jusutdanningane, inkludert eit nytt toll-studium og politiutdanning er av dei mest populære vala. Også økonomi og administrasjon, mediefag og landbruksfag auker nasjonalt. Også sjukepleie og vernepleie er av fagområda som har flest søkarar. 


Lokale opptak gir pluss

Samstundes med søk til Samordna opptak pågår det lokale opptaket, der søknadane går direkte til HVO. Her finn vi mellom anna ei rekke masterstudium, nettstudium og vidareutdanningstilbod. Søkartala her ser vi førebels har auka samanlikna med i fjor. Særskilt på nettstudier er veksten høg. Her pågår opptaket framleis. 


PS! For dei som enno ikkje har søkt studieplass gjennom Samordna opptak er det framleis moglegheiter. I juli vert ledige studieplassar lagt ut, og dei som vurderer studier til hausten får ein ny sjanse. 
 

Del på