Student? Bruk stemmeretten din!

Fram til 22. september kan studentar ved Høgskulen i Volda stemme på kandidatar til Studentparlamentet. Alle studentar har fått tilsendt ei personleg stemmelenkje på studentmailen sin. Her kan dei lese om kandidatane og avgi stemme.

Kandidatene til Studentparlamentet

Tekst: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Del på:

Fram til 22. september kan studentar ved Høgskulen i Volda stemme på kandidatar til Studentparlamentet. Alle studentar har fått tilsendt ei personleg stemmelenkje på studentmailen sin. Her kan dei lese om kandidatane og avgi stemme.

Arbeidsutvalet i Studentparlamentet inviterer alle studentar til å bruke stemmeretten sin i årets parlamentsval.  Studentane kan stemme på to studentar frå si avdeling, og valet stengjer torsdag 22.09 kl. 23:59.

Presentasjon av kandidatane som stiller til val ligg også tilgjengeleg her!

– Det er kjempeviktig at studentane brukar si stemme, slik at dei får den kandidaten dei sjølv meiner representerer dei best, inn i parlamentet, seier leiar av Studentparlamentet, Trond-Fredrik Hoddevik.

Sikre studentane si stemme

Studentparlamentet er den øvste studentorganisasjon på HVO, og skal sikre at studentane si stemme vert høyrt. Parlamentet består av enkeltståande studentar og frontar sakar på vegne av studentane. Studentdemokratiet er derfor avhengige av engasjerte studentar som vågar å fremje meiningar sine. 

– Eg ønskjer studentane eit riktig godt val, avsluttar Hoddevik.

Del på: