Student for ein dag

Tekst: Vilde Moltudal Igland , Foto: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Å velje rett studium er ikkje berre-berre. Derfor inviterte HVO denne veka inn 750 elevar frå VGS og folkehøgskular frå Sunnmøre og Nordfjord til smakebitar på studietilboda i Volda.

Under det årlege arrangementet Utdanningsdagane fekk om lag 750 elevar, fordelt på to dagar, bli kjende med mangfaldet av studieretningar som Høgskulen i Volda (HVO) tilbyr.

– Vi gler oss over alle elevane som har vore på besøk med oss desse dagane. Mange av desse avgangselevane kjem til å søkje høgare utdanning til våren, og det er viktig å inspirere og vise fram moglege studie- og yrkesretningar i Møre og Romsdal, forklarer prosjektleiar Torill Engeset.  

På campus i Volda var også Høgskulen i Molde (HiMolde) representerte under Utdanningsdagane, slik at elevane også kunne bli kjende med HiMolde-utdanningane som HVO ikkje har i sin portefølje.  

–  Utdanningsdagane på Høgskulen i Volda er ein viktig møteplass for dei som no skal ta store val om framtida si, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. 
 

– Vi ønsker at elevane skal få god informasjon og innsikt i moglegheitene til framtidige utdanningar og yrke, anten dei ønsker å studere i Volda, i Molde eller heilt andre stader i Noreg eller utlandet.

Ta valet sjølv

Sjandi
Sjándi sette stemninga under Utdanningsdagane. Bandet er sett saman av noverande og tidlegare musikkstudentar. Foto: Steinarr Sommerset / HVO

Etter ein musikalsk pangstart på arrangementet med studentbandet Sjándi gjekk mikrofonen til Silje Ims Lied, som er dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning:

– Ved HVO har vi eit godt og inkluderande studiemiljø. Volda er ein stad der ein kan få venner og nettverk for livet, samtidig som ein får ei solid og god fagutdanning.

Dekanen ønskte elevane velkomne til HVO. Her fortalde ho om dei unike kvalitetane ved HVO, men understreka også at dei som skal søkje studium til våren, bør undersøkje alternativa og moglegheitene sine før dei tek eit endeleg val om både kva og kvar dei vil studere.

– Ta informerte val. Ikkje berre vel ut frå tradisjon og det foreldre og venner meiner, men ta ditt eige, sjølvstendige val, oppmoda ho.

Khaled og Torvald
Studentambassadørane Khaled og Torvald fortalde dei besøkande om korleis det er å vere student i studiebygda Volda. Foto: Vilde Moltudal Igland / HVO

Alle har godt av å studere utanlands  

Seniorrådgjevar Arne Humberset ved Iinternasjonalt kontor på HVO oppmoda elevane om å nytte seg av moglegheita til opphald i utlandet når dei skal studere. 

– Utveksling og praksis i utlandet er ei potensielt livsendrande oppleving som gir store moglegheiter for personleg vekst og meistring, samtidig som det gir ny kunnskap og erfaring om verda rundt oss. Eg håpar så mange av tilhøyrarane som mogleg tek til seg bodskapet om at dette er noko dei bør nytte seg av som student i åra som kjem, understreka han.

Amalie vil jobbe i mediebransjen 

Amalie Fure

–  Eg drøymer om å jobbe i mediebransjen, så dette er veldig inspirerande, seier Amalie Fure frå Stryn VGS.   


Ho meiner også at det er viktig for dei som snart skal bli studentar, å få ein god presentasjon av kva moglegheiter som finst ved Høgskulen i Volda. Amalie har allereie lokalaviserfaring frå både Fjordabladet og Fjordenes Tidende, og ho håpar at dette vil kome til nytte når jo snart skal inn i studentane sine rekkjer.
 
–  Det er veldig motiverande med ein så anerkjend og moderne skule, smiler Amalie, som enno ikkje har bestemt seg for å bli journalist eller reporter, men gjerne vil til Volda for å lære av dei beste. 

Glimt frå dagane:


Frå 1. februar til 15. april kan du søkje høgare utdanning for studieåret 2024/2025.
Klikk her om du vil lese meir og utforske kva studietilbod Høgskulen i Volda tilby.

Del på