Studentar fekk bryne seg på PFU-saker
På eit todagars seminar prøvde dei sjølve å vurdere vanskelege saker som skulle opp i pressa sitt faglege utval (PFU). Kom dei til same resultat som PFU?
Førre veke fekk journaliststudentane verkeleg testa presseetikken sin. På eit todagars seminar prøvde dei sjølve å vurdere vanskelege saker som skulle opp i pressa sitt faglege utval (PFU). Kom dei til same resultat som PFU?
Direktesending frå hovudstaden
Etter at journaliststudentane hadde gått igjennom sakslista og notert seg eventuelle brot eller ikkje brot på god presseskikk, var det klart for å følgje direktesendinga av møtet i PFU.
Under sendinga kom det fram at studentane og PFU i mange av sakene faktisk landa på dei same konklusjonane.
– Denne gongen blei det særleg mykje diskusjon kring podkasten «Avhørt». Her konkluderte alle studentgruppene med at podkasten hadde brote god presseskikk, og det landa også PFU på. Generelt synest eg studentane gjorde veldig gode vurderingar og trefte særs godt på refleksjonane sine, rosar professor Ellen Lexerød Hovlid.
Presseetikk er ikkje svart-kvitt
– Eg er oppteken av at studentane skal tore å reflektere og diskutere utan å vere redde for å ta feil. Derfor presiserer eg alltid at dette er vanskelege saker med mange dilemma og gråsoner. Det er få ting i livet som er heilt svart-kvite, og slik er det heller ikkje med presseetikken. Dette syner også diskusjonane i PFU, avsluttar Lexerød Hovlid.
Klarar DU å vurdere god presseetikk i same grad som studentane våre? Sjekk sakslista til PFU og prøv sjølv!