Studentnaustet – ei perle ved Rotevatnet
God stemning, grilling og vassaktivitetar var nøkkelord når Ammy Bolme, tidlegare leiar i Studentparlamentet, fekk æra av å klippe snora til eit flunkande nytt naust ved Rotevatnet!
Strålande sol, god stemning, grilling og vassaktivitetar var nøkkelord då Ammy Bolme, tidlegare leiar i Studentparlamentet, fekk æra av å klippe snora til eit flunkande nytt naust ved Rotevatnet!
Naustet er det nyaste studentvelferdsprosjektet til SiVolda og tilbyr gratis utleige av robåt, kano og SUP-brett. Under opninga tala direktør ved SiVolda Rune Aasen, rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og ordførar Sølvi Dimmen, og fleire studentar tok turen for å teste om utstyret i finvêret.
Dette er eit lavterskel frilufts- og velferdstilbod for studentar. – Ei perle ved Rotevatnet
Rune Aasen, Direktør SiVolda.
Aasen håper at naustet vil bli mykje brukt av studentane, og har trua på at det vil vere eit godt og viktig tiltak for å gjere studiebygda Volda enno betre.
Det gode studiemiljøet i studiebygda Volda
I sin tale, takka rektor Odd Helge Mjellem Tonheim for arbeidet som SiVolda legg ned for å skape fantastiske velferdstilbod for studentane ved høgskulen.
– SiVolda er ein viktig pådrivar inn i å skape det gode studiemiljøet i studiebygda Volda. Velferdstilboda er så viktige, og er også med på å skape gode rammer for studie- og læringsmiljø, forklarte rektor.
Relaterte artiklar:
Studentvelferd: Ei god studietid i Volda
Volda = venner for livet og et hav av muligheter
Lokalprodusert naust
Rune Aasen kunne fortelje at treverket som er brukt til naustet er så lokalt som ein kan få det. Det er både saga, dimensjonert og klargjort i Vassbotnen, og det er stas å få bruke materiale som er så lokalt.
- Tømararen på prosjektet var Roald Christoffersen, som bygg på "gamlemåten". Det vil seie at dersom du ser inni naustet vil du sjå at det er brukt tretapping i reisverket til fordel for skruar og spikrar. Det er vanvittig flott utført.