Studentrepresentant til Høgskulestyret: «Den viktigaste jobben»
I perioden 29. september til 10. oktober 2023 skal to studentrepresentantar og to vara veljast inn i Høgskulestyret for perioden 2023-2024. Her fortel studentrepresentant Mats Ekeberg kvifor DU bør stille til val.
I perioden 3.–10. oktober 2024 skal to studentrepresentantar og to vara veljast inn i Høgskulestyret for perioden 2024–2025. Her fortel studentrepresentant Mats Ekeberg kvifor DU bør stille til val. Fristen for å nominere er 20. september kl. 14.00.
Kommentar av Mats Ekeberg, tidlegare studentrepresentant i høgskulestyret ved Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda har to sjefar: direktør Ann Kristin Emblem og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Dei er på sett og vis sidestilte. Deira sjef igjen er Høgskulestyret - ei gruppe på 11 personar beståande av rektor (styreleiar), tre fagleg tilsette (dei som jobbar som undervisarar/forskarar på høgskulen), ein administrativt tilsett (som jobbar i administrasjonen ved høgskulen), fire eksterne (utnemnd av kunnskapsdepartementet) og to studentar (DEG?).
Klikk deg inn på denne lenka for å nominere deg sjølv eller andre gode kandidatar til studentrepresentantar til Høgskulestyret. Fristen for å nominere er 20. september kl. 14.00.
Eg har vore studentrepresentant i høgskulestyret i to år. No er eg uteksaminert så 7. september 2023 blir mitt siste møte. Eg skal ikkje seie at eg berre har kost meg i høgskulestyret desse to åra. Det har vore hardt arbeid, og eg er heilt blåst etter kvart møte. Men, eg har utretta ting. Eg har vore med på mange diskusjonar, og gitt stemme i alle saker som har kome opp. To saker som er verdt å nemne er at eg har sikra at høgskulen framleis har den demokratiske ordninga med vald rektor (6 mot 5 stemmer), og at eg har jobba mykje med argumentasjon for å sikre at omgrepet "studentaktive" arbeids- og læringsformer er eksplisitt framført i ulike styringsdokument.
I tillegg har eg lært VELDIG MYKJE. Me studentar på høgskulen er her for å lære, og det ein lærer som høgskulestyrerepresentant er unikt for denne rollen. Ein får innblikk i samanhengar i organisasjsonen og forhold til samfunnet rundt. Korleis dei fagleg tilsette og studentane samhøyrer og kva rolle høgskulen og utdanninga har i samfunnet.
Det å vere høgskulestyrerepresentant er eit veldig viktig arbeid. I retrospekt ville eg ha gjort jobben gratis. Men, den er bra betalt: for seks møter i året får ein betalt over hundre tusen kroner. Desse møta innehar sjølvsagt mykje forarbeid (gjerne 1000 sider lesing til eit møte) – noko som er del av grunnen til det store honoraret.
Høgskulen treng kandidatar som ivrar for demokratisk arbeid til desse rollane. Om nokon av dykk har spørsmål om rolla og lurer på om dette er noko for dykk - ta kontakt. Det er ein mannleg og ein kvinneleg representant som blir valt. Dei blir valt for eitt år om gangen. Første møte er i oktober, siste i september året etter.
Hev handa og meld deg sjølv opp! Det blir verdt det, først og fremst i høve medverknad og læring, men også økonomisk. Å vere studentrepresentant i høgskulestyret er den viktigaste jobben ein student kan ha på høgskulen!
Har du spørsmål om rolla som studentrepresentant i Høgskulestyret, ta kontakt på ekeberg_mats@hotmail.com.
Viktige datoar for studentrepresentantvalet
20. august.–20. september, kl. 14.00: Nominasjonsperiode
23. september kl. 14.00: Svarfrist for dei nominerte
27. september: Presentasjon av studentrepresentantane
27. september–3. oktober: Valkampperiode
3.–10. oktober kl. 14.00: Valperiode
For meir informasjon om det å vere studentrepresentant i Høgskulestyret, klikk her!