Studer bachelorutdanninga i religion og kultur på nett!

Det er framleis ledige studieplassar på nettstudiet bachelorutdanning i religion og kultur. Studiet er nytt frå denne hausten og du kan vere ein av dei første som tek denne unike utdanninga med stor fleksibilitet.

Bachelorutdanning i Religion og kultur

Tekst: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Del på:

Nytt frå hausten 2022 tilbyr Høgskulen i Volda bachelorutdanning i religion og kultur som reint nettstudium. – Når det gjeld religionstudium på nett, er Høgskulen i Volda leiande i landet, og det finnast svært få alternativ til tilboda våre, seier førsteamanuensis Ralph Meier.

Leiande i landet og god søking

– Når det gjeld religionsstudium på nett, er vi leiande i landet, og det finns svært få alternativ til tilboda våre. Nettstudentane gir oss gode tilbakemeldingar både på det faglege opplegget og den tekniske gjennomføringa. Vi har god søknad til studia, og på årsstudiet i Religion, kultur og samfunn har vi opp mot 150 nettstudentar på dei ulike emna, seier Meier.

 

Ralph Meier

Grunnlag for ein bachelor på nett

– Med dette solide studentgrunnlaget i ein nasjonal marknad, meiner vi at tilhøva ligg godt til rette for å tilby ei bachelorutdanning i religion og kultur som eit reint nettstudium, seier førsteamanuensis Meier.

Viktig målgruppe

Undersøkingar viser at dei fleste studentane som tar nettbaserte studium i religion brukar emna som byggeklossar i eit utdanningsløp.

– Menneske som ønsker å undervise i skulen er ei viktig målgruppe. Om ein tar bachelorutdanninga i religion og kultur og byggjer på med Master i kulturmøte, er ein kvalifisert for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som gir undervisningskompetanse. Utdanninga vil då kvalifisere for undervisning i Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule, seier Meier.

Nettstudent på 78° nord. Jon Even Siglen Berger bor på Svalbard og tar Religion, kultur og samfunn som nettstudium.

HVO / Karl August Swanstrøm

Behov for fleirkulturell kompetanse

Andre sentrale målgrupper er menneske som jobbar i internasjonale organisasjonar der ein møter folk frå ulike religionar og kulturar, journalistar, ulike funksjonar i kyrkja, integreringsarbeid med flyktningar og asylsøkjarar, helsevesen og offentleg sektor som arbeider med saker som krev fleirkulturell kompetanse.

Stor fleksibilitet

Studieprogrammet nyttar undervisningsverktøyet Canvas og videokonferansesystemet Zoom.  Det vert lagt til rette for digitale møteplassar og diskusjonsforum mellom lærarar og medstudentar. Studentane vil få nær og god oppfølging sett i høve til rettleiing, arbeidskrav og eksamen.

– Vi har lagt opp til stor fleksibilitet. Studentane bestemmer sjølve når og kvar dei vil studere. På nettet lastar vi opp faglege ressursar som videoførelesingar og faglege tekstar. Vi tilbyr også Zoom-møte med svært god deltaking.

Mange aktuelle emne og tilbod om studium i utlandet

– Media og populærkultur er i dag ei viktig kjelde til kunnskap om og forståing av religionar og deira innverknad på individ og samfunn. Religion, media og populærkultur vil gi kunnskap om korleis media og populærkultur tematiserer religion og livstolking. Eg vil også trekke fram emnet Intercultural understanding som vi også tilbyr internasjonale studentar. Studentane kan også ta emne ved utdanningsinstitusjonar i utlandet. Vi har mange samarbeidspartnarar i Europa og USA med fag som passar godt i denne bachelorgraden, seier Meier.

Del på: