Studere i haust? Registrer deg no!

Om du begynner å bli klar for studiestart, er dette viktig å få gjort: Frå 1. august kan du semesterregistrere deg, og det er lurt å ikkje vente.

Skrivebok, kaffikopp og bøker.

Illustrasjonsfoto: Erik Lindstrom, Pixabay. CC0-lisens.

Tekst: Steinarr Sommerset

Del på:

Om du begynner å bli klar for studiestart, er dette viktig å få gjort: Frå 1. august kan du semesterregistrere deg, og det er lurt å ikkje vente.

Uansett om du er ein ny eller erfaren student, må du hugse å registrere deg kvart semester. Slik får du som student mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og moglegheit til å få lån og stipend gjennom Lånekassen.

Frå og med 1. august kan du registrere deg for haustsemesteret, og det er lurt å gjere dette tidleg, så du ikkje går glipp av noko viktig i starten av semesteret.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Studentsørvis

På sida Studiestart 2024 finn du informasjon om registrering og andre nyttige ting i samband med studiestart.

Er det noko du lurer på eller ikkje får til, kan du få hjelp av dei hyggjelege folka på Studentsørvis! Send ein e-post til studentsorvis@hivolda.no eller ring 70 07 50 18 (mellom kl. 8 og 15 frå måndag til fredag) – då er du i gode hender.

Velkommen som student ved Høgskulen i Volda!

Les også: Treng du tilrettelegging i studiekvardagen? – Snakk med oss!

Del på: