Studere til hausten? – Framleis mogleg å søke!

Det er ikkje for seint å bli student ved Høgskulen i Volda frå hausten av!

Vi har løpande opptak på både master, årsstudium og enkeltemne. – Fleire av desse studia kan ein fint kombinere med jobb!

Sjå ledige studietilbod her!

Ser du etter bachelorgrad eller årsstudium?

Samordna opptak hadde ordinær søknadsfrist 15. april. Etter at hovudopptaket er gått, vil det vere ledige studieplasser tilgjengeleg innanfor ulike fagområde. Du kan lese deg opp på studiebygda Volda og våre studietilbod her.

20. juli opnar Samordna opptak for at du kan søke på studietilbod med ledig kapasitet, og desse vil dukke opp i oversikta over ledige studietilbod hos oss. Der kan du til dømes finne bachelor- og årsstudium. 

Vi publiserer oversikt over kva studium dette gjeld hos oss, så snart oversikta er klar i sommar. 

Og så håper vi å sjå deg i Volda til hausten, om det er deltid eller heiltid, fysisk eller digitalt! 

Del på