Studiebarometeret: Full jubel for mediefaga

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Med gode tilbakemeldingar frå studentane og nokre svært gledelege toppar i Studiebarometeret, er det all grunn til å smile for mediefaga ved Høgskulen i Volda.

Torsdag vart resultata frå Studiebarometeret 2023 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

Resultata viser at studia ved Avdeling for mediefag gjer det godt. Så godt som alle bachelor- og mastergradprogramma oppnår karakteren 4 eller høgare. Karakteren er gitt av studentane på spørsmål om generell tilfredsheit, der skalaen går frå 1 til 5.

Dette gleder dekan ved Avdeling for mediefag, Kate Kartveit.

– Det er eit resultat av systematisk arbeid med studiekvaliteten blant anna gjennom kvalitetsutvala våre. Vi har innført obligatorisk studentevaluering på alle emne, og dette gir oss verdifull tilbakemelding på det vi kan bli betre på og på det vi gjer bra. 

– Studieprogramma gjennomfører jamlege årskullmøter der studentane kan ta opp studierelaterte saker, vi har dyktige og dedikerte undervisarar og gjesteundervisarar frå bransjen og vi har ein administrasjon og teknisk stab som støtter godt opp om læringsaktivitetane, forklarar Kartveit, før ho peikar ein siste og litt annleis grunn til dei gode resultata:

– Vi arrangerer sosiale aktivitetar nokre gongar i semesteret, for eksempel framsyning av julefilm og servering av risgraut.

Skyhøge karakterar

Bachelorgradsprogramma Journalistikk og Medieproduksjon og mastegradprogrammet Master in Media Practices (MMP) skårar alle 4,0. Spesielt det siste resultatet får dekanen til å bli ekstra glad.

Etter at MMP såg dagens lys i 2017 og kom med i Studiebarometeret i 2018, har det aldri nådd 4-talet, og har tidlegare hatt nokre mindre gode resultat.

– På Master in Media Practices har vi reorganisert administrasjon og programleiing, hatt ein grundig gjennomgang av semesterplanar og revidert innhaldet i nokre emne. For det kullet som har svart denne gangen innførte vi intervju i opptaksprosessen til studiet, der det blei gjort forventningsavstemming med studentane om innhaldet i studieprogrammet. Vi er svært godt nøgd med at desse verkemidla ser ut til å ha ein så god effekt, slår Kartveit fast.

Ekstra breitt kunne ho smile over resultatet til bachelorgradsprogrammet Animasjon. Karakteren 4,7 er den klart høgste for Høgskulen i Volda i Studiebarometeret 2023, og eit resultat få andre kan måle seg med på landsbasis. Det føyer seg inn i ei rekke for animasjonsutdanninga i Volda som er ganske så spesiell: 4,6, 4,3, 4,8, 4,5 og 4,5 er resultata frå dei føregåande åra.

– Dette er eit studieprogram med få studentar i kvart kull (15), der lærarane har tett oppfølging av den enkelte student. I tillegg er staben lydhøyr overfor forslag frå studentane og justerer undervisningsopplegga fortløpande. Undervisningslokala på animasjonsprogrammet er også fysisk plassert tett på staben, og det er mykje kontakt mellom studentar og undervisarar, forklarar Kartveit.

Nesten på snittet

Samla sett gir studentane ved Høgskulen i Volda (HVO) karakteren 3,8, som er tett på snittet for alle høgskular og universitet for året på 4,0.

– Det er mange gledelege resultat, som dei med mediefaga. Det viser kvaliteten i desse utdanningane som vi er kjende for, og slår fast posisjonen vår som leiande innan medieutdanning i Noreg. I tillegg er det godt å sjå at barnehagelærarutdanninga vår gjer eit kraftig byks frå 3,2 til 4,0, og karakteren 4,3 for Design, kunst og handverk er sterk, kommenterer Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved HVO.

Han er oppteken av tilbakemeldingane frå studentane gjennom Studiebarometeret, og at dei blir jobba med av dei tilsette knytt til dei ulike studieprogramma.

– Studentane er det viktigaste for oss og vi lyttar til dei, difor tek vi Studiebarometeret på alvor. Vi ser at vi har noko å jobbe med, forbetre og utvikle oss på – det likar vi og det skal vi gjere. Studiebarometeret er viktig både når det går godt og når det går mindre godt, poengterer Tonheim.

Klar med tiltak

Grunnskulelærarstudentane er av dei strengaste i tilbakemeldingane sine gjennom Studiebarometeret. Gjennomsnittet for alle høgskular og universitet ligg på 3,4, medan Volda-studentane gir karakteren 3,3.

– Vi hadde best resultat i 2021 og var nest best i landet i 2022, det er synd vi ikkje klarer å oppretthalde det, men vi er framleis omtrent på snittet, seier Eivind Patrick Hanevik, studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga ved HVO.

Han fortel at dei allereie har sett i gang tiltak, som svarar på ein del av det studentane ikkje er så godt nøgd med.

– Lærarutdanninga er kompleks og inneheld mange fag, fagmiljøa er også spreitt ein del reint fysisk. Difor synest vi det er viktig å ta tak i den tverrfaglege biten, og arrangerer tverrfaglege temadagar om til dømes akademisk skriving og eit seminar kalla «Saman om omsorg-seminar», der vi også samarbeider med sosialfaga og barnehagelærarutdanninga.

Eit av spørsmåla grunnskulelærarstudentane i Volda ikkje gir så høg skår på er i kor stor grad representantar frå arbeidslivet er involvert i undervisninga.

– Det har vi svart opp med å opprette kombinerte stillingar for lærarar i lærarutdanningsskulane som vi har samarbeid; Velle skule, Øyra skule og Ulstein ungdomsskule. Det vil seie at lærarar frå desse skulane jobbar 20 prosent på høgskulen for å knyte teorien studentane lærar enda tettare til det som skjer i klasserommet dei skal ut i som yrkesaktive. Samstundes har vi også ei ordning for våre tilsette ved høgskulen, med at dei kan hospitere i skule og barnehage, og på den måten oppdatere seg på kva som skjer i praksisfeltet, forklarar Hanevik, som er klar til å jobbe enda meir med tilbakemeldingane i Studiebarometeret 2023.

– Eg sit berre og trippar, og går gjennom resultata med fagmiljøa våre nesten før tala er offentlege, seier ein lydhøyr og offensiv Hanevik.
 

Del på